Mange lurer på korleis dei kan arrangere lotteri og basar på 17.mai. For også årets nasjonaldag ser ut til å bli prega av korona-pandemien, og arrangørar av 17.maifeiringar må alltid følgje myndigheitene sitt krav til smittevern.

Likevel er det berre unntaksvis du kan arrangere konkurransar og lotteri digitalt.

Den enklaste forma for lotteri er å arrangere basar

Ein gjettekonkurranse kan være ein basar. Basar er den enklaste forma for lotteri, og er den lotteriforma mange brukar på nasjonaldagen. Alle kan arrangere basar, og det er ikkje krav til innmelding eller rapportering av rekneskap. Ein basar kan ikkje arrangerast digitalt.

Her er dei andre krava til basar:

  • Kvart enkelt lodd kan ikkje koste meir enn fem kroner
  • Enkeltgevinstar kan ikkje ha ein større verdi enn 8000 kroner, og samla gevinstverdi på basaren må vere under 40 000 kroner.
  • Gevinstane må trekkast med loddkjøpar til stades. Dette kan skje enten samla, eller ved bruk av lynlotteri, der det er trekning utan opphald, som i eit kakelotteri.
  • Det er ikkje lov å selje lodd til ein basar 17.mai før på sjølve nasjonaldagen.
  • Gjettekonkurransar som blir arrangert 17.mai vil kunne vere ein basar. Men hugs at det ikkje skal koste meir enn fem kroner å delta (for kvart tips) og at gevinsten må vere innanfor krava som er skissert.

Meldingslotteri på nasjonaldagen

Mange vil selje lodd før sjølve nasjonaldagen. Løysinga kan då vere å halde smålotteri. Vanlegvis er det berre ideelle og frivillige organisasjonar som kan halde smålotteri til inntekt for formålet sitt. På nasjonaldagen gjer vi unntak slik at Foreldrearbeidsutval (FAU) kan arrangere lotteri, så lenge inntektene går til 17.maiarrangementet. Dette kan ikkje vere inntekter som til sist kjem ein skuleklasse eller ei snever gruppe menneske til gode.

Les også: Smålotteri – Lotteri- og stiftelsestilsynet (lottstift.prod.dekodes.no)

Digitalt unntak

Eit unntak som gjeld i pandemien er at desse smålotteria til ei viss grad arrangerast digitalt. Vi godkjenner at lotteriet blir formidla via Facebook og at loddkjøpar kan sende melding på Facebook (eller Vipps) at dei ønskjer å kjøpe lodd. 17.maikomiteen (arrangøren) er då ansvarleg for å registrere loddkjøpar i eit dokument (f.eks Excel, Word, loddbok)med namn og tal på lodd. Kvart lodd skal ha eit unikt loddnummer. De kan sjølve trekke ut frå ei slik liste. Loddkjøpar skal på spørsmål få sjå at dei er registrerte med rett tal lodd i dette dokumentet.

Andre reglar for smålotteri

Her er andre reglar for smålotteri som også må følgjast:

  • Du kan maks tjene 200 000 kroner på lotteriet.
  • Du må melde inn lotteriet seinast 14.dagar før salet av lodd startar.
  • Det skal leverast ein enkelt rekneskapsrapport seinast ein månad etter at lotteriet er ferdig.
  • Skrapelodd kan ikkje brukast i smålotteri.
  • Pengepremiar kan ikkje brukast som gevinst i lotteriet.
  • Vi tilrår at gevinstverdien bør utgjere minst 25 prosent av planlagt omsetning.
  • Gåvekort kan brukast som gevinst så lenge desse berre kan vekslast inn i varer og ikkje direkte i kontantar.
  • Gevinstar skal trekkast på førehand eller i etterkant på ein bestemt dato.

Ønskjer organisasjonen din å arrangere eit tradisjonelt lotteri med omsetning over 200 000 kroner, må dei søke Lotteritilsynet om løyve til å arrangere lotteriet.