Det svenske selskapet Mobajl AB som står bak MrDeal, har i dag meldt til oss at dei vil stanse å sende tekstmeldingar med reklame for utanlandske pengespelselskap til nordmenn. Det gjer dei etter vårt varsel om stans. Over 90.000 forbrukarar i Noreg har fått ulovlig pengespelreklame frå Mobajl AB. 

Bakgrunnen for varselet om stans (PDF) er at vi i ein periode har fått mange tips og klagar fra nordmenn som har fått tekstmeldingar med ulovleg reklame for LeoVegas og CasinoRoom. Dette er to pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge. Det er forbode å marknadsføre og formidle pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Reklamen som no blir stoppa, er sendt på SMS frå MrDeal til norske mobilabonnentar. I fjor reagerte vi også mot eit norsk selskap som stod bak same utsending.

Også Forbrukarombodet har reagert mot denne utsendinga fordi den er brot på marknadsføringslova. Dei har gitt det svenske selskapet eit gebyr på 175 000 kroner.