SEO-Butler får tvangsmulkt på 2000 kroner dagleg frå 25. mai, etter vedtak frå Lotteritilsynet.

Lotteritilsynet sendte vedtak 7. desember 2020 med pålegg om stans av ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel utan løyve i Noreg.

Varsel om tvangsmulkt vart gitt 22. mars 2021, dersom ikkje den ulovlege aktiviteten stansa.

SEO-Butler har ikkje etterkome pålegget frå Lotteritilsynet.

Les heile vedtaket her.