World Ventures er ein ulovleg pyramide
Lotterinemda har behandla klagen til World Ventures og stadfestar Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt vedtak om at selskapet driv eit pyramideliknande omsettingssystem.
Konklusjonen til Lotterinemda er slik:
«Lotterinemnda har etter en konkret vurdering av sakens opplysninger samt Lotteri- og stiftelsestilsynet skjønnsmessige vurderinger funnet å ville stadfeste tilsynets vedtak, jf. forvaltningsloven § 34 fjerde ledd.»
Vedtaket i Lotterinemda kan du lese her.
Lotteri- og stiftelsestilsynet fatta 30. april i år vedtak om at World Ventures i Norge må stoppe sin aktivitet fordi dei driv ulovleg pyramideverksemd.