Her er ei oversikt over endringane i lotterilova som blei vedtatt i Stortinget 24.april 2020. Lovendringa trer i kraft 1.juli 2020.

Utvida opplysningsplikt, stadlege kontrollar og testkjøp – lotterilova § 16a

Lotteritilsynet kan etter lovendringa kreve opplysningar av «einkvar» i tilsynet med ulovlege pyramideverksemd, jf. § 16a første ledd. Dette omfattar både private verksemder, privatpersonar og offentlege myndighieter som Forbrukertilsynet, Skatteetaten, Finanstilsynet og Konkurransetilsynet. Det nye vedtaket inneber også at Lotteritilsynet kan innhente opplysningar frå tilbydarar av betalingstenester, internettleverandørar, teleoperatørar og domeneforhandlarar.

Lotteritilsynet får også adgang til å beslaglegge dokument ved gransking og stadleg tilsyn jf. § 16a andre ledd. Representantar for eller tilsette hos den næringsdrivande pliktar å gi nødvendig bistand ved gjennomføringa av kontrollen. Lotteritilsynet kan også be politiet om bistand til å gjennomføre tilsynet.

I tillegg kan Lotteritilsynet foreta testkjøp med skjult identitet for å avdekke brot på pyramidereglane, og kan som hovedregel kreve refundert pengane frå den næringsdrivande, jf. lotterilova § 16a fjerde ledd.

Dersom ikkje opplysningsplikta og bistandsplikta blir helde ved stadleg tilsyn, kan Lotteritilsynet ilegge tvangsmulkt.

Mellombels vedtak – lotterilova § 16b

Etter lovendringa kan Lotteritilsynet fatte mellombels vedtak med pålegg om retting eller stans av ei pyramideordning. Mellombels vedtak er aktuelt i saker der tilsynet ikkje har tilstrekkelig grunnlag til å treffe endeleg vedtak, f.eks. i påvente av opplysningar, jf. § 16b første ledd.

Mellombels vedtak kan bare treffast dersom det er rimeleg grunn til å anta at det foreligg brot på pyramidebestemmelsen. Det vil seie at det må foreligge ein konkret mistanke om eit lovbrot, men det er ikkje krevd sannsynlighetsovervekt. Vidare må det foreligge ein risiko for alvorleg skade på interessene til forbrukaren. Dette tilseier ein høg terskel for kva tid tilsynet kan treffe midlertidig vedtak.

Eit mellombels vedtak kan gjelde for maksimalt 3 veker, men kan bli fornya med nye 3 veker så lenge lovbrotet pågår.

Avhjelpande tiltak og erstatning – lotterilova § 16b

Lovendringa opnar også for at Lotteritilsynet kan gå i dialog med den ansvarlege for lovbrotet av pyramidereglane om å tilby avhjelpande tiltak til forbrukarar som er ramma, f.eks. om tilbakebetaling, jf. § 16b andre ledd. Ved brot på skriftleg stadfesting om avhjelpande tiltak, kan Lotteritilsynet ilegge tvangsmulkt.

I saker om ulovleg pyramideverksemd kan også Lotteritilsynet informere forbrukarar om korleis dei kan søke om erstatning, kva dei må gjere og kvar dei skal henvende seg, jf. artikkel 9 nr. 4 bokstav d.

Pålegg om fjerning av digitalt nettinnhald – lotterilova § 16c

Domstolen kan etter krav frå Lotteritilsynet pålegge å fjerne eller stenge digitalt nettinnhald ved brot på pyramideregelverket, jf. § 16c. Konkret kan retten pålegge internettilbyderen, vertstjenesteleverandøren eller domeneregisteret å:

  • fjerne digitalt innhald
  • begrense tilgangen til nettsider
  • innta ein advarsel om at innhald på nettsida er ulovleg
  • slette eit domenenavn eller omregistrere domenenavnet til Lotteritilsynet

Retten skal treffe slike pålegg som mellombels forføyning etter reglane i tvistelova kapittel 32 og 34, jf. mfl. § 43 a. Sakene skal bli behandla av Oslo byfogdembete som tvungent verneting.

Det å stenge eller fjerne innhald på nettsider vil vere aktuelt i saker der den ansvarlege for brotet på pyramidereglane nektar å samarbeide, eller der identiteten til vedkommande er skjult.

Heimelen til å stenge nettsider skal berre brukast dersom det ikkje er andre effektive middel for å stoppte brot på pyramidebestemmelsen, og dersom lovbrota medfører ein risiko for alvorleg skade på interessene til forbrukaren. Det er presisert at både Lotteritilsynet og domstolen skal ta omsyn til informasjons- og ytringsfriheit, interessene til forbrukaren, den ansvarlige for brotet sine interesser, samt mogelegheita for mindre inngripande tiltak, jf. § 16c andre ledd.

Samarbeid mellom tilsynsmyndigheitene i EU – artikkel 11 og 12

Dagens samarbeidsregler mellom myndigheitene i EU/EØS som fører tilsyn med ulovleg pyramideverksemd, blir videreført i den nye CPC-forordninga, men med auka forpliktelsar. Det blir innført 30 dagers frist når Lotteritilsynet ber om opplysninger frå eit anna tilsyn i EU/EØS, og 6 månadars frist der Lotteritilsynet ber om handhevingstiltak (sjå artikkel 11 og 12). Formålet er at sakene skal gå raskere. I tillegg blir EU-kommisjonen gitt ei større rolle i å koordinere saker som angår borgarar i mange EU/EØS-land, og til å gi uttalelsar og råd til tilsynane (sjå forordningen kap. 4 til 6).