I februar 2021 skreiv Lyconet i ein e-post til Lotteritilsynet at dei vil starte ny verksemd i Noreg. Det har dei ikkje lov til. Les svaret vårt til Lyconet.

Lyoness, myWorld, Lyconet og Cashback er vurdert samla som ulovlege pyramideliknande omsetningssystem, der inntektene i hovudsak kjem frå verving av deltakarar.

Les meir om pyramidespel.

Nær 15 000 menneske har investert fleire hundre millionar kroner i verksemda, utan å få handfaste produkt av verdi tilbake.

Fleire tusen nordmenn er lurt. Nokre har brukt sparepengane sine og tatt opp lån. Pengane har gått til verksemda, og sentrale deltakarar som sit på toppen av pyramideverksemda.

Dei må stanse all aktivitet i Noreg

Denne saka har pågått i fleire år:

Dei feilinformerer deg

Vi kjenner til at selskapet og deltakarar informerer om at verksemda er lovleg fordi politiet la vekk saka. Dette er uriktig og villeiande informasjon, og må ta slutt umiddelbart. At politiet la vekk saka betyr ikkje at verksemda til Lyoness, myWorld, Lyconet og Cashback er lovleg i Noreg.

Lyconet skriv til Lotteritilsynet at verksemda dei no vil starte opp skal basere seg på direkte marknadsføring, og at dei skal organisere den slik at dei ikkje kjem i ein situasjon med mistanke om brot på lotterilova.

Vedtaket om at dei må stanse all aktivitet i Noreg gjeld framleis, og det betyr også at dei ikkje kan starte opp ny verksemd.

Mange spør oss om kva dei skal gjere

Vi får mange spørsmål frå personar som har tapt pengar på Lyoness. Vi har ikkje mynde til å pålegge selskapet å betale pengane tilbake. Dei som ønskjer det, må fremje krav mot selskapet.

Vårt råd er å ikkje ha noko med desse selskapa å gjere.

Har du tips om ulovleg pyramideverksemd? Tips oss her