Eit vedtak om omdanning kan gå ut på at to eller fleire stiftelsar blir slått saman til ein ny stiftelse. Det kan også gå ut på at ein eller fleire stiftelsar overdreg sine eigedelar, rettar og pliktar som heilskap til ein annan eksisterande stiftelse.

Stiftelseslova opnar som hovudregel ikkje for samanslåing av ikkje-pengeutdelande stiftelsar med ulikearta formål, jf § 45 andre ledd bokstav b). Samanslåing av ikkje-pengeutdelande stiftelsar føreset difor at stiftelsane i det vesentlege har likearta formål.

Vilkår for samanslåing

Vilkåra for samanslåing står i stiftelseslova § 46, § 47 og § 53. Når du grunngir søknaden er det difor viktig å vise at vilkåra i lova er oppfylte.

For stiftelsar med kreditorar og tilsette kan Stiftelsestilsynet krevje at styra i kvar av stiftelsane skal utarbeide ein skriftleg rapport om samanslåinga og kva den vil bety for stiftelsen, kreditorane og dei tilsette. Vi kan også krevje at det blir utarbeidd reviderte mellombalansar for stiftelsane. Slik rapport og mellombalanse skal utarbeidast dersom stiftelsen har tapt eigenkapitalen sin, eller det har vore andre hendingar som kan ha noko å seie for vurderinga av om samanslåinga er føremålstenleg.

Oppretting av ny stiftelse

Dersom det i samband med samanslåing skal opprettast ein ny stiftelse, må dette gjerast før samanslåinga kan registrerast. Du finn meir informasjon om dette under Opprett ny stiftelse.

Sjå våre hjelpeskjema/malar for å finne ulike malar og dokument som du kan bruke ved samanslåing av stiftelsar.

Send søknad til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Les meir om vidare saksgang ved samanslåing.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.