Ein stiftelse er kort sagt ei driftsform eller selskapsform, altså ein måte å drive noko på. Er det viktig for deg med eit langsiktig perspektiv og ei føreseieleg utvikling, kan stiftelsesforma vere godt eigna.

Kva type verksemd og aktivitet som er utført gjennom stiftelsesforma varierer. Nokre stiftelsar er store næringsdrivande stiftelsar med tilsette, medan andre er legat som deler ut mindre årlege pengebeløp. Spennvidda er stor, men kva er felles?

Kva er ein stiftelse?

Ein stiftelse er ein formuesverdi som ved testament, gåve eller annan rettsleg disposisjon blir stilt sjølvstendig til rådvelde for eit bestemt formål. Formålet kan vere av ideell, humanitær, kulturell, sosial, utdanning, eller økonomisk art.

Ei rettsdanning som oppfyller desse vilkåra, er ein stiftelse uavhengig av om den blir omtalt som legat, institusjon, fond eller anna. Sjølv om det ikkje går fram av stiftelseslova, gjeld i tillegg eit vilkår om at stiftelsen må vare ei viss tid.

Ingen eigarar

Kjernen i stiftelsesomgrepet – det som skil stiftelsar frå andre rettsdanningar – er at formuen må vere stilt sjølvstendig til rådvelde for formålet (sjølvstendekravet). Ein stiftelse har ingen eksterne eigarar slik som til dømes eit aksjeselskap. Stiftelsen er eit sjølveigande rettssubjekt. Ein stiftelse har derfor heller ikkje medlemmer med organisatoriske rettar som til dømes i ei foreining.

Les meir på fagbloggen vår om du bør velje stiftelse eller foreining som driftsform.

Opprettar gir frå seg råderett

Av sjølvstendekravet følgjer også at opprettar ikkje lenger har råderett over verdien som er overført til stiftelsen. Det kan ikkje gjerast utdelingar til opprettaren, til opprettaren sine nærståande, eller til selskap der nokre av desse kvar for seg eller til saman har avgjerande innverknad. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan Stiftelsestilsynet gjere unntak frå dette utdelingsforbodet.

Formålet «eig» stiftelsen

Etter dette kan vi sei at det er formålet som «eig» stiftelsen. Stiftelsesforma skal i større grad enn andre organisasjonsformer sikre at formuesverdien vert disponert i tråd med sitt langsiktige formål. Det er styret sitt ansvar å forvalte stiftelsen i samsvar med dette formålet.

Fakta om norske stiftelsar

Norske stiftelsar er ein betydeleg bidragsytar til samfunnet. Dei siste åra er rundt fire milliardar kroner per år delt ut til samfunnsnyttige formål. Forsking er den sektoren som får mest pengar, men også kultur, utdanning og sosiale formål er store mottakarar av pengar frå norske stiftelsar.

Vi fører tilsyn og kontroll med norske stiftelsar, bortsett frå sparebank- og finansstiftelsar. Du kan søkje på fakta om norske stiftelsar i Stiftelsesregisteret.

Ønskjer du å opprette ein stiftelse? Her hjelper vi deg i gang.