Stiftelsestilsynet startar no opp tematilsyna for 2021 med pengeutdelande stiftelsar. Denne gongen skal vi sjå på det som er sjølve kjernen i ein stiftelse- nemleg formålet.

Tematilsynet vil primært ha fokus på styret sitt arbeid med formålsrealisering, og korleis styret jobbar i alle fasar – ikkje berre med utdelinga, men også før og etter. Vi vil mellom anna etterspør dokumentasjon frå styret om planar og strategi for formålsrealiseringa. Vi vil også sjå på om styra har tilstrekkelege rutinar og kontroll på plass, også overfor dei som mottek midla.

Viktig fokus på gjennomføring av formål

Formålet er sjølve årsaka til at ein stiftelse blir danna. Fordi stiftelsar er ei eigarlaus organisasjonsform, seier vi at det er formålet som «eig» stiftelsen. Det å realisere formålet, slik det framgår av vedtektene, blir såleis styret si viktigaste oppgåve. Det er mange omsyn å ta for å få til dette. Felles for alle er likevel behovet for å ha ei gjennomføring som sikrar at formålet blir ivaretatt på ein god måte for stiftelsen.

Godt styrearbeid er nøkkelen

Styret i ein stiftelse har eit felles ansvar for å drive stiftelsen forsvarleg. I dette ligg mellom anna at styret skal ivareta både stiftelsen sitt formål og eigenkapital. Styret må alltid setje stiftelsen sine interesser først.

Vi erfarer at stiftelsene sjølve formidlar behov for rettleiing om å planlegge og følge opp arbeidet på ein måte som sikrar forsvarleg og god formålsrealisering. Vår erfaring er at eit styre som har definert ein strategi og utarbeidd ein plan for korleis dei skal realisere formålet, har betre føresetnad for å gjennomføre styrearbeidet på ein god måte. Stiftelsen formidlar sjølv nytta av å vere «obs» på fallgruver, og at god organisering og struktur gjer dei betre rusta til å ta vare på stiftelsen sine interesser.

Tematilsyn gir kunnskap

Stiftelsestilsynet si oppgåve er å trygge norske stiftelsar, og tematilsyna er eit viktig verkemiddel i arbeidet med å styrke styra sin kunnskap om forsvarlig formålsrealisering.

Men tematilsynet har også eit formål om å bygge og dele kunnskap. Tematilsyna gir oss moglegheit til å sjå fleire stiftelsar under eitt, og dermed gi oss og stiftelsene nyttig informasjon om «kvar skoen trykker» når det gjeld formålsrealisering. Ut frå eit breitt grunnlag kan vi danne oss eit samla bilete av korleis pengeutdelande stiftelsar jobbar med formålsrealisering. Tematilsynet vil halde fram ut hausten, og på slutten av året vil det bli utarbeidd ein samlerapport som vil bli publisert.

Stiftelsar kan sjølve kontrollere

I tematilsynet etterspør Stiftelsestilsynet opplysningar og dokumentasjon som er relevant for formålsrealisering. Stiftelsar som ikkje er ein del av dette tematilsynet, kan bruke kontrollpunkta som verkty for å sjekke om eiga formålsrealisering er forsvarleg. Desse kjem fram i meldinga om tilsyn.

Sjå også temasidene våre om styrearbeid og formålsrealisering.