Dokumentasjon

Søkarane må kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda i ledd det blir søkt om momskompensasjon for. Gratis arbeidsinnsats, medlemskontingent og gåver blir likestilt når det gjeld krav til frivillig innsats. Gratis styreinnsats blir vurdert som frivillig innsats, men blir ikkje vurdert til å tilfredsstille kravet til frivillig innsats åleine.

Det må ikkje vere for tette band mellom kontingent, gåver eller gratis arbeidsinnsats og gjenytingar. Eksempel på gjenytingar kan vere:

  • Kontingent – dersom ein i for stor grad oppnår fordelar knytt til medlemskontingenten, slik som rabattar og andre fordeler av økonomisk verdi.
  • Gåver – pengegåver der givar får reklame, marknadsføring eller anna form for fordel i retur.
  • Gratis arbeidsinnsats – dugnad knytt til vedlikehald av veg i eit bustadområde.

Vurdering

Det er ikkje mogeleg å talfeste frivillig innsats, og vurderinga av om frivillig innsats er ein viktig del av verksemda blir difor ei skjønnsmessig vurdering. I tillegg til vurdering av om det er gjenytingar knytt til den frivillige innsatsen kan ein mellom anna vurdere  følgande:

  • Frivillig innsats knytt til verksemd som ikkje gjev rett til kompensasjon blir ikkje lagt vekt på. Dette kan vere være frivillig innsats som kjem næringsinteresser, offentlege oppgåver eller privatøkonomiske interesser til gode.
  • Forholdet mellom lønna og ulønna innsats.
  • Offentlege tilskot er i seg sjølv ikkje ekskluderande, men dersom ein høg del av drifta vert finansiert av offentlege tilskot skjerpar det kravet til omfanget av frivillig innsats.
  • Om den frivillige innsatsen tilhøyrer organisasjonen.
  • Tal medlemmer som yter frivillig innsats seier noko om interessa og omfanget av aktiviteten. Eksempelvis vil mange små gåver bli vektlagt meir enn ei stor gåve.