Grasrotandelen logoEin spelar hjå Norsk Tipping kan bestemme at sju prosent av speleinnsatsen skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottakar.  Dette er Grasrotandelen som spelaren gir til «sitt» lag.

Ny forskrift

Ei ny forskrift om Grasrotandelen vart gjort gjeldande frå 1. januar 2018.

Kven kan få Grasrotandel?

Organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret og er godkjent som grasrotmottakar av Brønnøysundregistrene,  kan ta imot grasrotandel dersom eininga driv frivillig verksemd på lokalt eller regionalt nivå.

Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt ansvar

Lotteri- og stiftelsestilsynet fører tilsyn med Grasrotandelen ut frå tips og eigne risikovurderingar. Vi har i den nye forskrifta fått betre heimlar til å handheve reglane enn tidlegare. Vi skal kunne føre tilsyn med deltaking i ordninga, utbetaling av midlar og mottakarens tilgang til og bruk av midlane. Det er presisert at grasrotmidlane ikkje skal kome nærings- , eller privatøkonomiske interesser eller typisk offentlege oppgåver til gode.

Last ned eigenerklæringsskjema (word) som vi brukar i samband med tilsyn.

Tips om Grasrotandelen

Ønskjer du å tipse oss om mottakarar av grasrotandelen som du meiner vi bør kontrollere kan du bruke vårt tipsskjema.

Meir informasjon

Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.