Tilskotsordningar – oversikt tildelingar
Tilskotsordningar – oversikt tildelingar
Her finn du lenker til statistikkar og oversiktar for dei ulike tilskotsordningane som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar.
Søk i ulike tildelingar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet her.
Krisepakken for frivilligheita:
Momskompensasjonsordningane:
Norsk Tippings overskot:
2020:
Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjort vedtak om tildeling til totalt 46 landsdekkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Oversikta finn du her.
2019:
Av overskotet i Norsk Tipping for 2018 gjekk 804,8 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Tilskotet er utbetalt i 2019 slik:
- Norges Røde Kors er tildelt 254,3 millionar
- Redningsselskapet er tildelt 156,9 millionar
- Norsk Folkehjelp er tildelt 19,3 millionar
Resterande beløp, på 374,2 millionar, er fordelt slik:
Oversikt over søkjarar og tildelt beløp i 2019.
2018:
Av overskotet i Norsk Tipping for 2017 gjekk 794,4 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Tilskotet er utbetalt i 2018.
- organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001
- 620,7 millionar er kompensasjon for bortfall av inntekter frå automatmarknaden – basert på inntekter frå gevinstautomatane i 2001.
- overgangsordning for organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001
- 173,7 millionar kroner går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.
2017:
Tilsaman 730,5 millionar kroner gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Tilskotet er utbetalt i 2017.
- organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001
- 564,9 millionar er kompensasjon for bortfall av inntekter frå automatmarknaden – basert på inntekter frå gevinstautomatane i 2001.
- overgangsordning for organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001
- 164,9 millionar gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.