Norske stiftelsar er ein stor arbeidsgjevar.

I den nye undersøkinga frå Stiftelsestilsynet svarer stiftelsane at dei hadde over 41 169 tilsette i 2019. Dette er berre ei kartlegging av dei som er tilsette i sjølve stiftelsen. Dersom ein tek med tilsette i selskap som stiftelsane eig er talet langt høgare.

Talet på tilsette er ikkje jamt fordel på stiftelsane:

  • 33 900 jobbar aktivitetsstiftelsar
  • 500 i utdelingsstiftelsar
  • 1600 i holdingstiftelsar
  • 5167 i kombinasjonsstiftelsar

-Forklaringa kan ligge i at aktivitetsstiftelsane normalt sett krev meir personale enn stiftelsane som deler ut pengar, seier Silje Marie Husby i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Der er i gjennomsnitt heilt klart flest tilsette i kombinasjonsstiftelsane og aktivitetsstiftelsane.

Samanlikna med tal i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret er det færre tilsette som er registrerte enn undersøkinga viser. I 2019 er stiftelsane registrerte med 38 178 tilsette.

-Det er difor knytt noko usikkerheit til tala, men det gir uansett eit bilete av at norske stiftelsar også er ein stor arbeidsgjevar.