Stiftelsane deler ut stadig meir pengar. Sjå kva formål som får mest.  

Norske stiftelsar bidreg med stadig meir pengar til gode formål i samfunnet. Stiftelsane delte ut 5,8 milliardar kroner i 2019 og 6 milliardar kroner i 2018, viser ei ny undersøking frå Stiftelsestilsynet.

Ulike typar stiftelsar

  • Utdelingsstiftelsar: Realiserer formålet sitt ved å dele ut pengar.
  • Aktivitetsstiftelsar: Realiserer formålet gjennom aktivitet, tenester eller varer.
  • Holdingstiftelsar: Realiserer formålet i form av eigarskap i bedrifter eller holding.
  • Kombinasjonsstiftelsar: Realiserer formålet gjennom ein kombinasjon av utdeling, aktivitet og/eller holding.

Sist undersøking blei gjort i 2014. Då delte stiftelsane ut 4 milliardar kroner.

-Dette er ein stor auke, og det viser at norske stiftelsar er ei stadig større økonomisk kraft i samfunnet. Trenden er at det blir færre stiftelsar i Noreg, men på same tid blir stiftelsane større i form av at dei har meir eigenkapital, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

7 av 10 av norske stiftelsar har svart på undersøkinga.

-Det betyr at tala kan vere høgare.

Stiftelsane som har svart på undersøkinga har ein samla eigenkapital på 162 milliardar kroner.

Mest til kultur og idrett

Det blei delt ut nær 1,7 milliardar kroner til formål innanfor kultur og idrett i 2019.

-Dette kan vere alt frå konsertar og museum til fritidstilbod retta mot barn og unge. Dette er viktige bidrag i mange lokalsamfunn, seier Longvastøl.

Norske stiftelsar deler også ut mykje til humanitært arbeid og bistand. 1,3 milliardar kroner gjekk til desse formåla i 2019. Forsking fekk 800 millionar.

-Det er stort spenn i formåla, og undersøkinga illustrerer korleis norske stiftelsar er med på å drive samfunnet framover på fleire ulike område.

Flest utdelingar i Noreg

91 prosent av stiftelsane driv berre i Noreg, og desse står for 69 prosent av utdelingane. Det betyr at utdelingar vi kan anta går til målgrupper i Noreg er på 4,1 milliardar kroner.

15 prosent av utdelingane blei gjorde av stiftelsar som driv i utlandet, og dette utgjer 877 millionar kroner.

16 prosent blei gjorde av stiftelsar som driv både i Noreg og utlandet, og det utgjer 987 millionar kroner.

 

Graf utdelingar uilke sektorar

Klikk på biletet for full storleik.

Les også: Norske stiftelsars aktivitetar kartlagt for første gang