Norske stiftelsar tilfører samfunnet stadig meir pengar til gode formål, skaper arbeidsplassar og bidreg også med frivillig arbeid, skriv avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl.

4 av 10 nordmenn veit ikkje om norske stiftelsar er viktige for samfunnet eller ikkje, viser ei undersøking Respons Analyse gjorde for Stiftelsestilsynet i november 2019. Mange av desse er kanskje oftare i kontakt med stiftelsar enn dei trur.

Kva er ein stiftelse?

  • Ein stiftelse er eit selskap utan eigarar, og er oppretta for å realisere eit eller fleire bestemte formål.
  • Når stiftelsen er oppretta skal kapitalen gå til formålet og det er formålet som eig stiftelsen. Styret skal forvalte kapitalen slik at formålet let seg realisere.
  • Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med at stiftelsane blir forvalta i tråd med lover og vedtekten.

Norske stiftelsar tilfører samfunnet stadig meir pengar til gode formål, skaper arbeidsplassar, samarbeider tett med andre aktørar og mange bidreg også med frivillig arbeid. Vi ser også at stiftelsar i si frie stilling kan vere med å innovere offentlege og private tenester gjennom å spisse tema, satsingar og nye former for samarbeid. Det stiftelsane gjer kjem samfunnet til gode, og er med på å drive samfunnet framover!
Samfunnsoppdraget til Stiftelsestilsynet er å sikre forsvarleg forvaltning av stiftelsar gjennom tilsyn og kontroll og vere ein tydeleg og relevant samfunnsaktør. Vi skal trygge stiftelsar og slik gjere det attraktivt å velje stiftelsesforma!

Fakta - Norske stiftelsars samfunnsbidrag

Om undersøkinga “Norske stiftelsars samfunnsbidrag”:

  • Målet med undersøkinga er å finne ut meir om korleis norske stiftelsar bidreg til samfunnet
  • 4525 stiftelsar svara på spørjeundersøkinga. Dette er nesten 7 av 10 norske stiftelsar. Det er 6558 stiftelsar i Noreg (per juni 2020), og alle fekk spørjeundersøkinga.
  • 93 prosent av eigenkapitalen er representert, og stiftelsar med eigenkapital på under 1 million kroner er minst representerte i undersøkinga.
  • Norske stiftelsar delte ut 5,8 milliardar kroner i 2019 og 6 milliardar kroner i 2018.
  • Dei hadde 100 000 frivillige i 2019, og opp mot 4 millionar dugnadstimar.

Det betyr at vi må kjenne landskapet godt. Sidan vi vart etablert i 2005, har vi kontinuerleg jobba med å få meir kunnskap om norske stiftelsar. Å synleggjere stiftelsesforma, og korleis norske stiftelsar bidreg i samfunnet, er ei viktig og sentral oppgåve for oss.
Årets undersøking, “Norske stiftelsars samfunnsbidrag”, gir mykje meir og ikkje minst mykje breiare kunnskap enn vi har hatt tidlegare, mellom anna gjennom stiftelsane si berekning av frivillig innsats og at mange fortel med eigne ord korleis dei driv. Samla gir undersøkinga eit mykje større bilete enn vi har hatt før.

Vi vil rette ei stor takk til alle som har brukt tid på å svare på undersøkinga! Det gir samfunnet ny innsikt og vi vert styrka i arbeidet med å vere ein relevant samfunnsaktør for å trygge norske stiftelsar og verte meir målretta i vår rettleiing, tilsyn og kontroll! Vårt mål med rapporten er også å inspirere til auka interesse for stiftelsesforma og at fleire vil både forske på og utforske verdiane som kan ligge i ei organisasjonsform der det er formålet som eig verdiane!