I undersøkinga “Norske stiftelsars samfunnsbidrag” blei stiftelsane spurt om kva målgrupper dei har, både når det gjeld aktivitet og utdeling av pengar.

864 stiftelsar svarte at dei har befolkninga generelt som målgruppe. I tillegg har 524 stiftelsar befolkninga generelt som målgruppe i tillegg til andre målgrupper.

-Blant desse er det mange som delar ut pengar og har aktivitetar i kultur og idrett, seier Silje Marie Husby i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Barn og unge

376 stiftelsar svarte at dei har barn og unge som einaste målgruppe.

Også her var det mange som delte ut pengar til eller hadde aktivitetar innanfor kultur og idrett.

-Men den største summen gjekk til humanitært arbeid og bistand, med 201 millionar kroner i 2019, seier Husby.

Studentar

195 stiftelsar valde utelukkande studentar som målgruppe. Det blei delt ut 81 millionar kroner i 2019 til formål som berre har studentar som målgruppe, og det blei delt ut mest pengar til barnehage, opplæring og utdanning.

Fakta - Norske stiftelsars samfunnsbidrag

Om undersøkinga “Norske stiftelsars samfunnsbidrag”:

  • Målet med undersøkinga er å finne ut meir om korleis norske stiftelsar bidreg til samfunnet
  • 4525 stiftelsar svara på spørjeundersøkinga. Dette er nesten 7 av 10 norske stiftelsar. Det er 6558 stiftelsar i Noreg (per juni 2020), og alle fekk spørjeundersøkinga.
  • 93 prosent av eigenkapitalen er representert, og stiftelsar med eigenkapital på under 1 million kroner er minst representerte i undersøkinga.
  • Norske stiftelsar delte ut 5,8 milliardar kroner i 2019 og 6 milliardar kroner i 2018.
  • Dei hadde 100 000 frivillige i 2019, og opp mot 4 millionar dugnadstimar.

-Når det gjeld aktivitet ser vi at flest hadde aktivitetar retta mot studentar innanfor felta forsking, kultur og idrett, barnehage, utdanning og opplæring, samt samfunn utvikling og sosiale tiltak.

Menneske med sjukdom eller diagnose

285 stiftelsar hadde menneske med ein sjukdom eller ein diagnose som einaste målgruppe. Desse delte ut 31 millionar kroner i 2019.

Dei fleste delte ut pengar og hadde aktivitet innan helse- og omsorgstenester.

Eldre og enker/enkemenn

195 stiftelsar hadde eldre og enker og enkemenn som einaste målgruppe. Her var utdelingane på 17,5 millionar kroner i 2019, og mest gjekk til samfunn, utvikling og sosiale tiltak, samt helse- omsorgs – og sosialtenester.

Blant stiftelsane som har aktivitet for denne målgruppa var det 140 som hadde aktivitet innan bustad og eigedom, og 80 innan helse-, omsorgs- og sosialtenester.

Anna

I denne delen av undersøkinga var det mange som svarte at dei har ei anna målgruppe enn alternativa som låg i spørjeskjemaet. 1190 stiftelsar valte dette alternativet.

-Det kan tyde på at mange stiftelsar har definert enda meir spesifikke målgrupper, og at inndelinga vår ikkje var presis nok, seier Husby.

26 prosent har to eller fleire målgrupper

74 prosent av stiftelsane svarte at dei berre har ei målgruppe, medan 26 prosent hadde to eller fleire.