I følge forskrifta § 7 andre ledd bokstav a) skal søkarar, underledd og aksjeselskap som har 5 mill. kroner eller meir i totale driftskostnader gjere frådrag for; kontantoverføringar til eigen organisasjon og samarbeidspartnnarar i utlandet, lønskostnader til personell stasjonert i utlandet, og andre kostnader i utlandet.

Intensjonen er at det er norsk meirverdiavgift som skal kompenserast, og det skal difor gjerast frådrag for følgande:

  • Kontantoverføringar til eigen organisasjon og samarbeidspartnarar i utlandet. Det kan vere fleire måtar å berekne denne frådragsposten. For dei organisasjonane som finansierer aktiviteten i utlandet med faste overføringar vil summen av overføringane kunne brukast. Dersom rekneskapsføringa er innretta slik at kostnadene ved utenlandsaktivitetane kan bereknast, kan frådragsposten baserast på faktiske bokførde kostnader knytt til aktiviteten i utlandet.
  • Lønskostnader til personell stasjonert i utlandet. Løn til desse som blir utbetalt til konto i Noreg skal også trekkast frå.
  • Andre kjøp av varer og tenester som er brukt i utlandet. Reise- og opphaldskostnader til/frå/i utlandet skal trekkast ut, også når kostnadene går via eit norsk reiseselskap. Varer og tenester som er importert frå utlandet kan inngå i søknadsgrunnlaget så lenge vara og/eller tenesta er brukt i Noreg. Dersom kostnadene er av bagatellmessig verdi og sporadiske kan ein sjå bort frå dette frådraget.