I den forenkla modellen reknar vi ut momskompensasjon med utgangspunkt i organisasjonens totale driftskostnader, som de hentar frå revidert og godkjent rekneskap eitt år tilbake i tid. Det vil seie at i 2021 tek de utgangspunkt i dei totale driftskostnadene i det reviderte rekneskapet for  2020. De må trekke frå eventuelle finanspostar. Dersom de har avvikande rekneskapsår, er det siste godkjent rekneskap som skal leggast til grunn.

Etter at de har gjort avgrensingar og frådrag (sjå nedanfor), kjem de fram til eit søknadsgrunnlag. Dette grunnlaget skal multipliserast med 0,08 for dei første 5 mill. kroner i søknadsgrunnlag, og 0,06 for søknadsgrunnlag over 5 mill. kroner for å komme fram til sjølve søknadsbeløpet.

Merk: Lokal- og regionallag kan ikkje søkje sjølv, men må søkje via eit sentralledd, les meir her.

Avgrensingar

Alle som søkjer om momskompensasjon må vurdere om nokre variantar av driftskostnader skal trekkast ut. Avgrensingane må de gjere uansett om de brukar forenkla modell eller dokumentert modell:

  • Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonen.
  • Kostnadsførte nybygging, påbygging og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, sjå rettleiing 2.
  • Avskrivingar på bygg, anlegg og anna fast eigedom,
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg eller anna fast eigedom for utleige, sjå rettleiing 4.
  • Kostnader knytt til anleggsprosjekt som vert omfatta av ordninga om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg (spelemiddelanlegg),

Dersom organisasjonen også driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensingar på kva kostnader som skal vere med i søknaden. De kan for eksempel ta utgangspunkt i organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Dersom de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Frådrag som nokre søkarar må gjere i tillegg

Dette er frådrag som gjeld alle søkarar, underledd og aksjeselskap som har 5 mill. kroner eller meir i totale driftskostnader.

  • Kontantoverføringar, personalkostnader og øvrige kostnader i utlandet, sjå rettleiing 7.
  • Totale driftskostnader knytt til meirverdiavgiftspliktig verksemd,
  • Overføringar til andre organisasjonar, eller overføringar mellom ledd i same organisasjon
  • Totale driftskostnader knytt til verksemd som er kompensasjonsberettiga gjennom lov om kompensasjon av merverdiavgift for kommune, fylkeskommune m.v.,

Dokumentasjon av frådrag og avgrensingar

Dersom det ikkje tydeleg kjem fram av rekneskapen korleis avgrensingane og frådragspostane er vurdert og berekna, så må de lage ei oppstilling som dokumentar korleis de har kome fram til tala.

Minstegrense

Minstegrensa for å kunne søkje etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag. Det vil seie 100 000 kroner i driftskostnader etter at avgrensingane og frådraga er gjort. Denne grensa gjeld ikkje for underledd.

Revisor

Alle søkarar, underledd og aksjeselskap skal ha revidert rekneskap. Søkarar, underledd og aksjeselskap som har mindre enn 5 mill. kroner i totale driftskostnader, kan bruke . Alle andre må bruke ein registrert-, kommune-, eller statsautorisert revisor. Dersom totale driftskostnader er større enn 5 mill. kroner to år på rad skal siste årsrekneskap reviderast av registrert eller statsautorisert revisor.

Søkarar, underledd og aksjeselskap som har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for sin eigen søknadsdokumentasjon frå statsautorisert revisor, registrert revisor eller kommunerevisor. Rapporten skal følgje standaren «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlinger».

Sentralledd og enkeltståande søkarar som søkjer på vegner av aksjeselskap, og som i den samla søknaden har mist 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for den samla søknaden frå statsautorisert revisor, registrert revisor eller kommunerevisor. Rapporten skal følgje standaren «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlinger».

Gå til vedleggs-info – forenkla modell