Om momskompensasjon idrettsanlegg
Momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart etablert i 2010. Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet, og gjeld anlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Dei som fyller vilkåra kan søkje om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar denne ordninga.
Anlegg med spelemidlar
Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Ordninga omfattar alle som oppfyller vilkåra for å få spelemidlar, bortsett frå kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak. Ein godkjend spelemiddelsøknad er eit vilkår for å søkje om kompensasjon for meirverdiavgift.
Sjekk vilkår for å søkje.
Søknadsfrist momskompensasjon idrettsanlegg
Frå og med 15. september 2021 blir det opna for innlevering av søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2022.
Søknadsfristen er 1. desember 2021.
For søkarar som ikkje rekk fristen 1. desember 2021, kan det søkast på nytt ved neste søknadsrunde, for behandling i 2023.
Sjå oversikt over søknad og søknadsbeløp 2020 (pdf).