Ordninga med kompensasjon for mva ved bygging av idrettsanlegg kjem som eit tillegg til spelemiddelordninga. Det einaste de treng å gjere ekstra i forhold til spelemiddelsøknaden, er å sende inn ein søknad om momskompensasjon.

Regelverk og informasjon

Vilkår for søknad

Før du kan søkje om kompensasjon, må anlegget være ferdig. Anleggsrekneskapen må dessutan vere kontrollert og attestert av kommunen sin revisor. Dersom anlegget får inntil 400 000 kroner i spelemiddeltilskot, kan du bruke vald revisor.

Byggesteg

Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggearbeida er sett i gang etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skjer gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon. Eit byggesteg er bygging av ei anleggseining som:

  • kan brukast som ei sjølvstendig eining til idrett/aktivitet
  • blir bygd samanhengande og innanfor ein avgrensa tidsperiode
  • normalt skal ha ein eigen spelemiddelsøknad

Kva er med, og kva er ikkje med, i ordninga?

Ordninga omfattar berre meirverdiavgift knytt til anleggselement med rett til tilskot.
Sjekk regelverket for kva som gjeld:

Denne ordninga omfatter ikkje drifts- og vedlikehaldskostnader knytta til anlegget. I dei tilfella er det den generelle kompensasjonsordninga som gjeld.

Du kan søkje sjølv om du er registrert i det ordinære mva-registeret

Ein søkjar som er registrert i meirverdiavgiftsregisteret og har forholdsmessig frådrag for inngåande avgift der, kan også søkje om momskompensasjon etter ordninga om idrettsmoms. Men då skal frådragsført meirverdiavgift i det ordinære avgiftsoppgjeret trekkjast ut i søknaden om momskompensasjon.

Gå til søk om kompensasjon – idrettsanlegg.