Vedlegg til søknad

Søknad om momskompensasjon for idrettsanlegg skal ha to vedlegg. Det er dei same vedlegga som blir brukte i samband med utbetaling av spelemiddeltilskotet.

Vedlegg 1: rekneskapssamandrag

Dette er ei oppstilling over finansiering av anlegget, i tillegg til eit samandrag av hovudpostane i rekneskapen. Finn malar for rekneskap og driftsplan.

Rekneskapssamandraget skal vere signert av organisasjonen, av kommunen og av revisor. Samandraget skal skilje mellom anleggselement som gir rett til tilskot, og anleggselement utan rett til tilskot.

Meir informasjon om krav til rekneskap og kontroll av rekneskap finn du i regelverket frå Kulturdepartementet (opnar i nytt vindauge):

Vedlegg 2: revisorrapport / avtalte kontrollhandlingar

Anleggsrekneskapen skal gjennomgåast og kontrollerast av kommunen sin revisor. Med utgangspunkt i denne gjennomgangen skal revisor lage ein rapport basert på «Avtalte kontrollhandlinger» i ISRS 4400 (jf. krav til rekneskap og kontroll av rekneskapen under kapittel 4 i føresegnene).

Merk at dersom anlegget får spelemiddeltilskot på inntil (mindre enn) 400 000 kroner, kan de bruke ein anna revisor (f.eks. ein vald revisor) for å kontrollere rekneskapen. I dette tilfellet trengs det ikkje ein formell revisorrapport, det er nok med ei stadfesting av at rekneskapen er kontrollert.