Kan vi søkje?
Ordninga med momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg omfattar anlegg som mellom anna oppfyller vilkåra for å få tilskot frå spelemidlane for bygging/rehabilitering av idrettsanlegg. For å søkje om momskompensasjon må søknaden om spelemiddeltilskot vere godkjend. I tillegg må anlegget og anleggsrekneskapen vere ferdig og ferdigattestert av kommunen sin revisor. De treng ikkje å ha motteke spelemiddeltilskotet for å søkje om momskompensasjon.
Regelverk og informasjon
- Om søknadsrunde for kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg – 2021 (PDF).
- Bestemmelser om kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg – 2021 (PDF)
Kven kan søkje?
- idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)
- idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund
- samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund
- samanslutningar under Den Norske Turistforening
- samanslutningar under Norges Bilsportforbund
- samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen
- aksjeselskap/allmennaksjeselskap
- stiftelsar
- andre samanslutningar
Byggestart
Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeida starta etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skjer gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.
Minstegrense
For å søkje om kompensasjon må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar.
Kommunale/fylkeskommunale anlegg
Anlegg som blir bygd i regi av kommunar/fylkeskommunar kan ikkje søkje om momskompensasjon etter denne ordninga.