Klager på Norsk Rikstoto

Ein spelar som meiner at han ikkje har fått utbetalt den gevinsten vedkomande meiner å ha krav på, kan sende inn ein protest til Norsk Rikstoto. Klagefrist og korleis klagen skal sendast til Norsk Rikstoto går fram av kapittel 6 om gevinstutbetalinger og protest i spelereglane.

Dersom klagar ikkje får medhald hos Norsk Rikstotos klageutval, skal selskapet informere spelaren om at vedtaket kan klagast inn til Lotteritilsynet. Ei klage på Norsk Rikstoto si avgjerd, skal sendast via Norsk Rikstoto til Lotteritilsynet. Norsk Rikstoto skal legge ved alle saksdokumenta slik at saka blir best mogeleg opplyst ved vår handsaming.

Vi vil spørje etter grunnlaget for eit eventuelt avslag frå Norsk Rikstoto, eller be om meir informasjon frå spelaren, om vi meiner saka ikkje er nok opplyst. Vår avgjerd er endeleg og blir sendt til klager med kopi til Norsk Rikstoto. Sakshandsamingstida er normalt  3 veker.

Vedtaket som blir klaga på skal sendast til:
Norsk Rikstoto,
Postboks 464, Økern,
N- 0512 Oslo
eller som e-post til: kontakt@rikstoto.no