Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og dei store landsdekkande lotteria som har løyve til å marknadsføre pengespel i Noreg.  I tillegg kan bingoaktørar med løyve frå Lotteritilsynet, tilby hovudspelet sitt på internett. Ingen utanlandske pengespelselskap har lov til å reklamere for sine pengespel i Noreg.  Men fordi dei omgår norsk lov ser du ulovleg pengespelreklame både på TV og nett.   

Her kan du sjå ei oversikt over pengespelselskap utan løyve i Norge.

Kva er ulovleg marknadsføring av pengespel?

All aktivitet som er med på å fremje omsetninga av utanlandske pengespel er å rekne som ulovleg marknadsføring. Dette omfattar til dømes:  

  • Annonsar og anna reklame for utanlandske spelselskap i aviser, magasin, radio og TV. 
  • Annonsar og anna reklame for utanlandske spelselskap på nettsider, bloggar og i sosiale medium. 
  • Stadionreklame og reklame på drakter og boards i Noreg.  
  • All omtale som oppfordrar til å besøke utanlandske spelselskap sine nettsider. 
  • Lenker frå nettsidene til utanlandske spelselskap og/eller kasinoportalar. 
  • Direktereklame frå utanlandske spelselskap via SMS, e-post og andre meldingstenester.  

Det er også forbode å formidle pengespel som ikkje har løyve. Dette forbodet gjeld all aktivitet som er retta mot å distribuere pengespel. Dette omfattar bruk av kommisjonæraragentardistributørar og andre mellommenn som bringer pengespelet ut til spelarane, til dømes gjennom lenker og affiliates-avtalar 

Kvifor ser du reklame for utanlandske pengespel i Noreg?

Etter pengespelregelverket er det ulovleg å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg, men spelselskap utan løyve omgår norsk lov ved å sende TV-reklame på TV-kanalar som sender frå utlandet (mellom anna TV3, Viasat4, FOX, MAX, FEM og Eurosport).  

Den 1. januar 2021 vart kringkastingslova endra, og no kan Medietilsynet stanse marknadsføring på TV og i bestillingstenester ved å pålegge nettdistributørar å hindre tilgangen til reklame for ulovlege pengespel. Lotteritilsynet samarbeider med Medietilsynet i dette arbeidet. 

Spelselskapa som opererer ulovleg i Noreg brukar også internett og sosiale medium som reklamekanal, og vi fører tilsyn med og har dialog med norske mediehus, magasin, annonseleverandørarFacebook og Apple og fleire andre aktørar for å stoppe den ulovlege pengespelreklamen.    

Sjølv om Lotteritilsynet prioriterer tilsynet med den ulovlege pengespelmarknaden Noreg høgt, er omfanget av ulovlege pengespel framleis stort. Det er fleire grunnar til dette:  

  • Utanlandske pengespelselskap og deira norske samarbeidspartnarar nektar å følge det norske regelverket.  
  • Dei utanlandske pengespelselskapa og deira samarbeidspartnarar oppgir å drive anna næring enn pengespel. Slik omgår dei finansinstitusjonane og mediebransjen sine tekniske blokkeringar, som er sett inn for å stenge ute desse selskapa.  
  • Lotteritilsynet gjennomfører tilsyn etter ei risikovurdering, der vi prioriterer tilsyn med dei mest alvorlege lovbrota og der tilsyn vil ha størst effekt. Dette inneber at vi ikkje reagerer mot alle ulovlege forhold vi oppdagar 

Konsekvensar av ulovleg marknadsføring

Lovforbodet mot marknadsføring av utanlandske pengespel i Norge er til for å beskytte dei 55 000 som har speleproblem og dei 122 000 som står i risikosonen for å få det. Norsk Tipping må forhalde seg til strenge krav til ansvarlegheit når dei utviklar og marknadsfører sine pengespel på nett, medan dei utanlandske pengespelselskapa legg til rette for å spele bort store summar på kort tid. Speleproblem er alvorleg, og rammar både spelarar og heile familiar.  

Vi meiner at den ulovlege reklamen for pengespel også er med på å legitimere eit ulovleg tilbod. 6 av 10 nordmenn veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg.   

Det er også slik at dei ulovlege pengespelselskapa brukar TV- reklame for å gjere seg synlege og rekruttere nye kundar, før dei pleier kundane med direkte og meir pågåande kommunikasjon via e-post og SMS.   

Lotteritilsynet estimerer at nordmenn spelar vekk mellom 1,7 til 2 milliardar kroner hos desse selskapa (tal for 2019). Vi vil halde fram med å gjere det vi kan for å stoppe den ulovlege spelreklamen på TV og i andre medium. Det er naudsynt for å beskytte norske spelarar, og det er samfunnsoppdraget vårt. Med dei rette verkemidla på plass, er det mogleg å få stansa den ulovlege pengespelreklamen, og der er vi no på god veg.  

Tips oss gjerne om du kjenner til ulovleg pengespelreklame.