På denne sida finn du pengespelstatistikk og nøkkeltal både for den regulerte og den uregulerte marknaden.

Sjå nøkkeltal frå den norske pengespelmarknaden 2020.

Nøkkeltal den regulerte pengespelmarknaden

Omlag 2,5 millionar nordmenn spelar pengespel. Tal frå 2019 viser at ca 67 prosent av norske menn og 60 prosent av norske kvinner deltar i pengespel.

Under ser du oversikt over totalomsetning i den regulerte pengespelmarknaden og utbetaling til formål fram til 2019. Bruk nedtrekkspila for å få oversikt.

I 2019 var brutto omsetning 46,5 milliardar kroner. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa 11 700 kroner på regulerte pengespel. Når gevinstane er trekte ifrå la nordmenn igjen 10,6 milliardar kroner på pengespel. Dette utgjer 2500 kroner per innbyggjar.

Les meir detaljert statistikk frå 2020.

Nøkkeltal speleproblem

I Norge er det 55 000 problemspelarar og 122 000 moderate risikospelarar viser Universitetet i Bergen sin befolkningsundersøking frå 2020.  Dei spela flest spelarar har problem med er online kasino, poker og oddsspel. Under kan du sjå kor mange som ringer Hjelpelinja om pengespelproblem.

Nøkkeltal den uregulerte pengespelmarknaden

Om lag 200 tusen nordmenn spelar pengespel hos utanlandske spelselskap som ikkje har løyve til å tilby eller marknadsføre sine spel i Noreg. Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader utgjer mellom 1,7 og 2 milliardar kroner i 2019.

Meir detaljert statistikk

Sjå fleire nøkkeltal for den norske pengespelmarknaden i 2020. Du kan også laste ned statistikken i PDF-versjon.

publikasjonsarkivet vårt finn du blant anna detaljert årsstatistikk for norske pengespel og samtalestatistikk for Hjelpelinja. I tillegg finn du ulike forskingsrapportar om pengespel og speleproblem.