illustrasjonsfoto pengespill på nettNorsk Tipping og Norsk Rikstoto, og enkelte av dei store landsdekkande lotteria kan tilby regulerte pengespel eller lotteri på nett i Norge. I tillegg kan bingoaktørar med løyve frå Lotteritilsynet tilby hovedspelet sitt på nett. Oversikt over kven som har løyve til å tilby bingo finn du i Lotteriregisteret.

Einerettsmodellen skal beskytte sårbare grupper mot å bli speleavhengige og gi mest mogeleg tilbake til norsk frivilligheit, idrett og kultur.

Stor utanlandsk marknad

Etter tusenårsskiftet har det vokse fram ein stor uregulert marknad av utanlandske pengespel som kasino, poker oddspel og bingo på nettet. Dei utanlandske spelselskapa har ikkje løyve til å tilby eller marknadsføre desse spela i Norge, men det er ikkje ulovleg for nordmenn å spele hos dei.

Spelarar i Noreg kan likevel oppleve at innskot eller utbetaling i slike spel blir stoppa då norske bankar ikkje har lov til å formidle betalingar til og frå pengespel utan norsk løyve. Dei siste åra har det vore ein vekst i marknadsføringa av pengespel frå utanlandske pengespelselskap i Norge.

Sjå lista over pengespelselskap utan løyve i Norge.

Les meir om ulovleg marknadsføring av pengespel på nett.

Les om forbodet mot formidling av betaling i pengespel utan norsk løyve.

 

Nordmenn taper over 2 milliardar årleg

250 000 nordmenn spelte hos utanlandske spelselskap i 2018 og dei tapte mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner på desse spela, viser estimat frå Lotteritilsynet. Marknaden for den type spel som dei utanlandske spelselskapa tilbyr er totalt på 3,9 milliardar kroner, og dei utanlandske pengespelselskapa står for omlag 60 prosent av denne omsetninga.

Ingen kontroll med selskap i utlandet

Norske myndigheiter oppmodar alle som spelar på utanlandske nettspel om å vere varsame. For det første fører ikkje Lotteritilsynet kontroll med utanlandske spelselskap, og vi kontrollerer heller ikkje om spelarar får utbetalt gevinstane sine. Dessutan kan vi ikkje gå god for at spela som blir tilbydde er forsvarlege pengespel.

Restriktiv politikk

Med sin nettspelpolitikk ønskjer styresmaktene å sikre offentleg kontroll med ansvarlege pengespel i regi av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Ei slik kanalisering av pengespelmarknaden, med god offentleg kontroll av pengespel, motverkar både kriminalitet og speleavhengigheit. Les meir om speleavhengigheit.

Poker på nett

Norsk Tipping tilbyr ikkje tradisjonelle pokerspel der du spelar mot andre, men mange utanlandske spelselskap tilbyr nettpoker utan løyve i Noreg. Les meir om regelverket for poker i Norge.

Skatt på gevinstar

På utanlandske nettspel kan du å måtte betale skatt for gevinstar over ein viss storleik, og for gevinstar i pengespel som ikkje blir tilbydde her i landet. Gevinstar frå utanlandske nettspelselskap blir regulerte av skattelova § 5–50 om tilfeldig inntekt. Les meir om skatt på gevinstar på Skatteetaten sine nettsider.

Forbod mot formidling av betaling

Norske bankar og andre finansinstitusjonar har ikkje lov til å formidle pengar til utanlandske pengespelaktørar. Forbodet gjeld både innskot, som ofte skjer via kredittkort, og utbetaling av gevinst, som ofte skjer til spelaren sin bankkonto. Målet med tiltaket er å ramme utanlandske spelselskap og redusere tilbodet av utanlandske pengespel i Norge.

Forholdet til EU-retten

Mange av nettspelselskapa som rettar seg mot Norge har lisens i ein annan EU/EØS-stat. Fleire av nettspelselskapa hevdar at dei dermed kan tilby sine spel lovleg til borgarane i andre EU/EØS-statar. Pengespeltenester er ikkje harmonisert innanfor EU/EØS-området. Ein tenesteleverandør som er etablert i eit EØS-land har altså ikkje noko rettskrav på å kunne tilby sine pengespel uhindra i eit anna EØS-land. Rettspraksis frå EU-domstolen og EFTA-domstolen gir medlemslanda ein vid skjønnsmargin til å fastsette eigne reguleringar på pengespelområdet. Den norske pengespellova og praktiseringa av den, er i samsvar med EØS-retten.