Dei utanlandske pengespelselskapa går stadig nye vegar for å for å få publisitet i Noreg. 

-I 2019 har vi mellom anna sett at dei bruker pressemeldingar og store aktuelle hendingar i Noreg for å omgå det norske regelverket. Derfor har vi  jobba mykje med å informere relevante aktørar om det norske regelverket, seier seniorrådgivar i Lotteritilsynet Monica Alisøy Kjelsnes

Les eiga sak: Ulovlege pengespelselskap lurer norske bankar.

Pressemeldingar frå ulovlege spelselskap

Å forsøke å få redaksjonelle medium til å skrive om seg er ein av metodane ulovlege pengespelselskap bruker for å nå norske spelarar.

I 2019 reagerte Lotteritilsynet på eit omfattande tal pressemeldingar frå utanlandske spelselskap hos to ulike pressemeldingstenester. Tenestene fungerer slik at ulike aktørar sjølve kan publisere pressemeldingar retta mot media. Pressemeldingane var særskilt knytte til spelselskapa sine ulovlege tilbod av oddsspel.

Etter at pressemeldingstenestene fekk varsel om vedtak med pålegg om å stanse ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel, innretta dei seg og fjerna pressemeldingane.

Ordførarodds og forsøk på sjakkavtale

Spelselskapa prøver også på andre måtar å skaffe seg omtale i media. I samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2019 skreiv mange lokalaviser om eit spelselskap som tilbydde odds på kven som blei ordførar etter valet. Spelselskapet hadde aktivt kontakta redaksjonane med lokale odds.

Lokalmedia er ein viktig informasjonskanal for folk, og vi sende derfor eit informasjonsbrev til alle dei største mediekonserna for å gjere redaksjonane merksame på regelverket og metodane spelselskapa nyttar for å få publisitet og legitimitet.

Spelselskapa søker også legitimitet og marknadsføring gjennom samarbeid med norske aktørar. I 2019 fekk Norges sjakkforbund tilbod om ein avtale med eit pengespelkonsern verd fleire millionar kroner. I eit ope brev til Norges Sjakkforbund åtvara vi mot å samarbeide med eit pengespelkonsern som ulovleg tilbyr og marknadsfører pengespel i Noreg. Saka fekk stor mediemerksemd. Lotteritilsynet nådde breitt fram med faktakunnskap om kven som har lov til å tilby pengespel i Noreg. Norges Sjakkforbund takka nei til avtalen.

I desember tok Norges idrettsforbund og Norges Handballforbund initiativ til å informere om regelverket for å unngå ulovleg pengespelreklame i samband med kampar under handball-EM i Noreg. Lotteritilsynet bidrog med ein uttale forbunda kunne bruke i arbeidet med å informere andre aktørar.

Nye marknadsføringskanalar

Arbeidet vårt med å stanse ulovleg TV-reklame og annonsar for ulovlege spel kan ha bidratt til at selskapa bruker mindre pengar i desse kanalane, men trendar innan marknadsføring kan også ha påverka utviklinga.

Stjernekart kanalbruk

Den generelle trenden er at annonsering på redaksjonelle flater går ned, og det er grunn til å tru at dei ulovlege pengespelselskapa flyttar seg over til nye plattformer. Derfor har vi gjort trendanalysar som viser kva plattformer dei kan marknadsføre seg på framover. Analysane viser mellom anna at marknadsføringa kan gå frå få store plattformer til mange små, og flytte seg over i skjulte nettverk.

-Det handlar om å vinne samtalen på Internett. Denne innsikta gjer oss i stand til å forstå betre kvar norske spelarar kan bli utsette for ulovleg spelreklame no og i framtida, slik at vi kan prioritere korleis vi skal jobbe framover, seier Kjelsnes.

Les også: Slik stoppa vi ulovlege pengespel i 2019