I 2019 har fleire søksmål på pengespelområdet vore oppe for Oslo tingrett. Lotteritilsynet har hjelpt Kulturdepartementet og regjeringsadvokaten i arbeidet med å førebu og gjennomføre rettssakene.

Rettssakene har mellom anna handla om forholdet mellom den norske pengespillmodellen og EU-retten, og om Lotteritilsynet har det nødvendige rettslege grunnlaget for å treffe vedtaka sine. For Lotteritilsynet har dette handla om grunnleggande forvaltningsrettslege prinsipp, som seier at vi har plikt til å utgreie saka så godt som mogleg før vi treff vedtak. I samband med betalingsformidlingsforbodet og anna tilsynsverksemd har Lotteritilsynet til dømes funne det nødvendig å sende ut informasjonsbrev til ulike aktørar, testspele speltilbodet til dei ulovlege speloperatørane, samt bruke opplysningane som Finansdepartementet har gitt oss løyve til å innhente frå Valutaregisteret. 

Oslo tingrett har avsagt dom, og ga staten ved Kulturdepartementet medhald på alle punkt i dei ulike rettssakene. Det kom klart fram at Lotteritilsynet gjennomfører lovlege og nødvendige tiltak for å føre tilsyn. Dommane er anka og er derfor ikkje rettskraftige.      

Når Lotteritilsynet arbeider for å sikre ansvarlege spel, handlar dette i stor grad om å hindre pengespelselskap som ikkje har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Lotteritilsynet jobbar breitt med å stoppe pengespelselskap som ulovleg tilbyr og marknadsfører pengespel i Noreg. Desse selskapa brukar mange ulike metodar for å nå potensielle norske kundar. Selskapa er kreative i si tilnærming til den norske marknaden, men heldigvis får tilsynet stadig betre verktøy for å stoppe dei. Det samla tilsynsarbeidet til Lotteritilsynet gjer det utvilsamt meir krevjande for dei ulovlege utanlandske spelselskapa å operere i Noreg.   

Eitt av dei verktøya som har vist seg å vere effektive er betalingsformidlingsforbodet, og Lotteritilsynet har prioritert arbeidet med dette høgt i 2019. Betalingsformidlingsforbodet stoppar pengestraumar til og frå ulovlege pengespelselskap. Informasjonsarbeid er eit anna viktig ledd i arbeidet mot dei ulovlege pengespelselskapa. 6 av 10 nordmenn veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Derfor har vi prioritert å informere om regelverket til ulike relevante aktørar og i offentlegheita, og vi har deltatt i fleire debattar om dette, både nasjonalt og internasjonalt. Slik er vi ein tydeleg samfunnsaktør.   

Lotteritilsynet ser at den strenge offentlege kontrollen med dei regulerte pengespela saman med arbeidet mot dei ulovlege aktørane bidrar til å førebygge speleproblem og til å redusere negative konsekvensar av uheldig speleåtferd. Samtidig har også jobben som Lotteritilsynet gjer for å hindre dei ulovlege aktørane resultert i fleire søksmål mot den norske staten, mellom anna frå ulovlege pengespelselskap og andre som er ueinige i den norske pengespelmodellen eller meiner at Lotteritilsynet går lenger enn vi har heimel til når vi gjer jobben vår.