Norske bankar skal stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege pengespelselskap, men fleire spelselskap gøymer seg bak mellom anna datingtenester og dataprogrammeringstenester for å lure bankane.

Betalingsformidlingsforbodet inneber at norske bankar skal stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege spelselskap. Forbodet er eit effektivt verktøy, fordi bankane får stoppa pengestraumar til og frå pengespelselskap som ikkje har lov til å operere i Noreg.

Men nokre spelselskap lurer bevisst bankane, og brukar betalingsløysingar hos andre føretak, tredjepartsselskap, til å overføre pengane. Dette gjer det vanskelegare for bankane å oppdage at det er spelepengar som blir overførte. Det fører også til at spelarane kan bruke kredittkort, sjølv om korta har ei innebygd sperre mot transaksjonar til pengespelselskap.

-Vi ser at fleire spelselskap forsøker å lure norske bankar til å bryte lova, og det jobbar vi med å stoppe, seier Rannveig Gram Skår, jurist i Lotteritilsynet.

No blir det vanskelegare for selskapa

I 2019 sendte Lotteritilsynet brev til åtte ulike selskap som det er grunn til å tru at overfører pengar på vegne av ulovlege pengespelselskap.

Frå januar 2020 er betalingsformidlingsforbodet effektivisert i form av endringar i regelverket, og det blir tydeleggjort at forbodet også gjeld selskap som overfører pengar på vegne av spelselskapa. Det betyr mellom anna at Lotteritilsynet kan fatte vedtak om at bankane også skal avvise betalingstransaksjonar til og frå namngjevne tredjepartsselskap.

-Betalingsformidlingsforbodet er allereie eit av dei mest effektive verktøya vi har, og vi meiner at endringane som kom i januar gjer at vi kan beskytte spelarane på ein enda betre måte.

Ulovlege selskap frustrerer norske spelarar

Eit teikn på at betalingsformidlingsforbodet gjer det vanskelegare for ulovlege pengespelselskap å operere ulovleg i Noreg er at spelarane merkar effekten.

Mange kontakta Lotteritilsynet i 2019. Dei hadde satsa pengar hos ulovlege pengespelselskap, men fekk trøbbel då dei skulle ta ut gevinsten. Nokre hadde spelt for store summar, og etterlyste fleire hundre tusen kroner i gevinst.

-Vi kan ikkje hjelpe dei som opplever dette, og det er selskapa som bevisst omgår forbodet som må svare for desse problema. Vårt råd er å ikkje spele hos pengespelselskap som opererer ulovleg i Noreg.

Mange av dei som tok kontakt med Lotteritilsynet var ikkje klar over at selskapa dei spelte hos ikkje har lov til å tilby pengespel i Noreg.

-Vi forstår at mange er forvirra. Fleire pengespelselskap hevdar hardnakka at dei har lov til å tilby og marknadsføre spel i Noreg. Vi er opptekne av stadig å jobbe med å få ut fakta og kunnskap, og vi trur igjen at det vil føre til at færre spelar hos dei ulovlege aktørane, seier Skår.

Les også: Slik blir du forsøkt lurt av spelselskapa.