Metodane desse selskapa bruker for å nå potensielle norske kundar, er mangfaldige og kreative.

Lotteritilsynet jobbar breitt med å stoppe pengespelselskap som ulovleg tilbyr og marknadsfører pengespel i Noreg. Dei utanlandske spelselskapa bryt og omgår norske reglar og blokkeringar kvar dag.  Vi gir informasjon, råd og rettleiing framfor sanksjonar når det er føremålstenleg, men i nokre tilfelle er det nødvendig med sterkare reaksjonar.

-I 2019 prioriterte vi tilsyn med den største ulovlege aktøren på den norske marknaden, Trannell International Ltd, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Henrik Nordal.

Ulovlege pengespelselskap lurer norske bankar 

Norske bankar skal stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege pengespelselskap, men fleire spelselskap gøymer seg bak mellom anna datingtenester og dataprogrammeringstenester for å lure bankane.  Les korleis vi stoppa desse i arbeidet med betalingsformidlingsforbodet.

Vedtak om stans for Unibet og Maria Casino

Trannel International Ltd. tilbyr og marknadsfører spel i Noreg. Selskapet står bak spelsidene Maria Casino, Unibet, Storspiller og Bingo.

I 2019 gjorde Lotteritilsynet vedtak om at Trannel må slutte å tilby nordmenn pengespel via desse fire nettsidene. Dei må også umiddelbart slutte å marknadsføre spela sine i Noreg, og dei må slutte å legge til rette for betaling av innsats og gevinst.

Trannel har sendt klage på vedtaket til klageorgan for høvesvis avgjerder etter pengespellova og lotterilova, Kulturdepartementet og Lotterinemnda. Kulturdepartementet har avvist klagen på alle punkt, og vi venter på avgjerda frå Lotterinemnda.

Mindre pengespelreklame på TV og nettaviser

Trenden held fram, og dei ulovlege pengespelselskapa bruker mindre pengar på TV-reklame retta mot norske sjåarar. Det viser ei kartlegging Medietilsynet har gjort.

Kartlegginga viser at reklame for pengespel frå ulovlege aktørar retta mot norske TV-sjåarar gjekk ned med 19 prosent frå august 2018 til juli 2019, samanlikna med same periode året før. Det er likevel viktig å få med at det framleis er svært mykje ulovleg spelreklame på norske TV-skjermar.

Pengespelreklamen frå dei utanlandske selskapa er med på å normalisere dei mest aggressive spelformene via nettet, og på å føre vidare og dermed legitimere eit ulovleg tilbod. I 2019 foreslo regjeringa å stramme inn på marknadsføringsforbodet og ansvarleggjere distributørane. Lotteritilsynet støttar dette forslaget. Når pengespelselskapa ikkje følger norsk lov, må distributørane ta ansvar for å ikkje formidle ulovleg pengespelreklame i sine kanalar.

Illustrasjon Sofa og TV

Samtidig som TV-reklamen minkar, skjer det sjeldnare at Lotteritilsynet avdekker og får tips om ulovleg marknadsføring i form av såkalla programmatiske annonsar på norske nettsider. Dette er automatiserte kjøp og sal av annonsar via digitale børsar. Annonseleverandørar og mediehus har filter for å fange opp ulovleg reklame, men pengespelselskapa har funne metodar for å omgå desse filtera, og for nokre år sidan såg vi ein auke i slik annonsering.

Dei tre siste åra har vi intensivert arbeidet mot annonseleverandørane og mediehusa med tilsyn og dialog. Arbeidet blei vidareført i første halvdel av 2019, og vi har følgt opp enkeltbrot med informasjon eller varsel.

-Etter vår erfaring tar mediehusa problemet på alvor, og dei har sett i verk tiltak for å skjerpe eigne rutinar. Vi såg ein nedgang i denne typen ulovlege annonsar i 2018, og inntrykket er at nedgangen held fram i 2019. Såleis kan vi seie at arbeidet samla sett har hatt ein god effekt, seier Nordal.

Fjerna 30 ulovlege appar

I løpet av 2019 kartla vi pengespelappar i App Store frå aktørar utan løyve i Noreg. Like etter årsskiftet sende vi brev til Apple der vi lista opp over 30 pengespelappar i App Store som bryt med det norske regelverket. Vi oppmoda App Store til å undersøke om appane dermed også bryt med deira eigne interne retningslinjer.

Bilde app

Alle appane Lotteritilsynet peika på, kunne vere i strid med regelverket, og Apple fjerna dei frå norske App Store. Det same gjorde vi i 2018, og Apple gjorde då alle appane Lotteritilsynet rapporterte om, utilgjengelege i norske App Store. Vi ser dette som eit effektivt verkemiddel for å redusere tilgangen til pengespel utan løyve.

Mange nordmenn er på sosiale medium, og vi ser at det er ein attraktiv marknadsføringskanal for utanlandske pengespelselskap. Lotteritilsynet har i fleire år rapportert om ulovleg marknadsføring av pengespel til Facebook, også i 2019. Facebook svarte at all innrapportert marknadsføring ville bli fjerna.

På bakgrunn av tips om ulovleg marknadsføring sende vi også i 2019 informasjonsbrev om regelverket til selskapet bak dating-appen Tinder.

Også på Instagram har vi følgt opp tips om ulovleg marknadsføring frå profilar med store følgjarmassar, særleg unge følgjarar. Dette er ei sårbar gruppe når det gjeld risiko for pengespelavhengigheit, og derfor sende vi ut informasjonsbrev om forbodet mot marknadsføring av pengespel.