Basar er den enklaste forma for lotteri. Basarar skal ikkje meldast inn til Lotteritilsynet.

  • De kan halde basar når inntektene går til eit bestemt formål.
  • Arrangementet må gjennomførast i løpet av ein dag, og det er ikkje lov til å selje lodd på førehand.
  • Kvart lodd kan ikkje koste meir enn fem kroner. Verdien av den ekelte gevinst kan ikkje vere over 8000 kroner rekna etter vanleg utsalspris.
  • Samla gevinstverdi for kvar basar må ikkje vere meir enn 40 000 kroner.
  • Gevinstane må trekkjast samla og når loddkjøpar er til stades. Dette betyr at loddsal og trekning må skje på same arrangement.
  • Det er ikkje lov å selje lodd på førehand av eit arrangement der det blir gjennomført ei trekning.
  • Du kan ikkje overlate gjennomføring av basaren til medhjelpar mot betaling.
  • Lynlotteri (t.d. i form av kakelotteri) blir under desse føresetnadane rekna som basar.

Obs! Det blir ikkje gitt anledning til å arrangere basar elektronisk. Loddkjøpar skal vere tilstades både ved loddkjøp og loddsal. Vi anser ikkje dette kravet som oppfylt ved elektronisk/digitale løysingar. Dette er ikkje ei regel- eller lovendring, men ei presisering av eksisterande lovverk. 

Førehandstrekte lodd (lynlotteri) kan arrangerast. Då er trekning gjort på førehand og loddkjøpar veit med ein gong om vedkommende har vunne.

Har du spørsmål?  Ta kontakt.