Dette er lotteri med årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner, og med ni års varigheit.
Desse lotteria må tilfredstille visse tekniske krav, og elles vere i samsvar med vilkåra som er stilt i § 7 i Lotteriforskrifta.

(also find Technical requirements in English)

Løyve

Følgjande fem aktørar fekk i 2017 løyve til å ha lotteri i ni år med årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner.

  • Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
  • Unicef-komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited
  • Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
  • Right to Play med entreprenør FotoLotto AS
  • Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Norsk Underholdningsspill AS.

Løyva til desse aktørane er seinare sletta:

  • Unicef-komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited.
  • Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Norsk Underholdningsspill AS.