Lotteri på skip

Norske rederi kan på visse vilkår få løyve til å halde lotteri om bord på skip. Lotteritilsynet kan gi løyve for ein periode på inntil tre år. Dette kan du lese meir om i forskrift om lotterivirksomhet om bord på norske skip i rute mellom norsk og utenlandsk havn.

Color Line er i dag det einaste rederiet med slikt løyve, og norske lag og organisasjonar har dei siste åra fått tilført mange millionar kroner frå overskotet frå spel om bord. Det er som regel eit vilkår at pengane skal gå til foreiningane sin aktivitet for born og unge under 18 år.

Sjå kven som har fått pengar frå dette lotteriet:

Finn skjema for å søke om lotteri på skip.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss.