Med omgrepet «utanfor den frivillige delen» siktar vi til aktivitetar som fell utanfor målgruppa for ordninga eller er av privat karakter. Målgruppa er definert på sida om generell ordning.

Privat karakter

Med privat karakter meiner vi kostnadar det er normalt at privatpersonar sjølv betaler. Kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i si heilskap. Eigenandelar kan vere ein indikasjon på at ein kostnad er av privat karakter. Forvaltningspraksis har vore at kostnader av privat karakter som blei dekka av eigenandelar ikkje blei vurdert som foreiningen sin kostnad, og var dermed ikkje kompensasjonsberettiga. Lotterinemnda har vurdert at eigenandelar må sjåast på som ein del av finansieringa av foreininga sine kostnader, men er ikkje avgjerande for vurderinga av om ein kostnad er av privat karakter eller ikkje. Det betyr at praksis på dette feltet er endra, og at kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i sin heilskap, uavhengig av finansieringa.

Andre eksempel på private kostnader kan vere ein båtforeining som skal utbetre ei brygge med private båtplassar, eller ein velforeinings kostnad med å byte postkassestativ.

Vår forvaltningspraksis er at kostnader til for eksempel brygger, landgangar og hamneanlegg, opplagsplassar/båtplass på land, utsett og opptak av båt (slipp, kran, truck osv.), vakthald/overvaking og liknande også skal reknast for å vere av privatøkonomisk interesse på lik linje med båtplass.

Det kjem også fram i avgjersla frå Lotterinemnda at det ikkje skal ha avgjerande betydning at kostnader som normalt må reknast som kostnader av privat karakter kan gi visse positive ringverknadar for andre enn organisasjonen sine medlemmer.

Offentlige oppgåver og aktivitetar som frivillige lag og organisasjoner utfører på vegne av stat, kommune eller fylkeskommune, fell også utanfor den frivillige delen. Eksempel er helse, undervisnings- eller sosiale tenester, men også nokon gonger mindre oppgåver som vegbrøyting og vedlikehald av eigedom.

Fortenestebasert verksemd

Med omgrepet «fortenestebasert» siktar vi til aktivitetar som er eigna til å generere forteneste for dei som står bak aktivitetane.

Med forteneste meiner vi eit overskot som kan utdelast til eigaren/medlemmane. Det kan også vere andre økonomiske fordelar som for eksempel verdiar ved sal/oppløysning eller i form av verdiauke på private eigedelar.

Med mindre det er sett i verk tiltak som separate rekneskap, intern prisfastsetting- og kostnadsdelingsrutinar og det blir ført tilsyn med at slike tiltak blir følgt opp av organisasjonane, kan ikkje organisasjonar som har fortenestebasert aktivitet motta momskompensasjon.

Ein organisasjon kan drive ein aktivitet som er eigna til å gå med overskot. Betingelsen er at overskotet i sin heilskap blir ført tilbake til den frivillige verksemda. Det må være nedfelt i vedtektene til organisasjonen at eit eventuelt overskot skal tilbakeførast til føremålet. Dersom ein organisasjon driv verksemd som generer overskot som går tilbake til føremålet, men har nedfelt i vedtektene at utdelingar kan gjerast til eigarar/medlemmar, vil organisasjonen bli vurdert til å drive fortenestebasert verksemd.