I den dokumenterte modellen reknar vi ut momskompensasjonen på grunnlag av organisasjonens faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grunnlaget for utrekninga blir henta frå revidert og godkjent rekneskap eitt år tilbake i tid, (eventuelt siste godkjende rekneskap dersom de har avvikande rekneskapsår).

Ver merksam på at det finns kostnader som fell utanfor ordninga, og kostnader som ikkje gjev rett til kompensasjon. Nedanfor finn du meir om kva type kostnadar dette er, sjå også forskrifta § 6 og § 8.

For å dokumentere søknadsbeløpet til organisasjonen må de levere ei såkalla transaksjonsliste (vedlegg E og G) som listar opp og summerer beløp på alle bilag som til saman utgjer søknadsgrunnlaget. Bruttobeløpa og betalt mva (for kvar mva-klasse) skal førast over til søknadsskjemaet.

MERK: Lokal- og regionallag kan ikkje søkje sjølv, men må søkje via eit sentralledd, les meir her.

Kostnader som ikkje blir kompensert

Alle som søkjer momskompensasjon må ta omsyn til at enkelte kostnader fell utanfor ordninga og at desse ikkje skal vere med i søknadsgrunnlaget. Dette gjeld uavhengig av kva modell som blir vald. Følgjande kostnader fell utanfor ordninga og skal ikkje takast med i transaksjonslista:

  • Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonen.
  • Ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, sjå rettleiing 2.
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg eller anna fast eigedom for utleige, sjå rettleiing 4.
  • Kostnader knytt til anleggsprosjekt som blir omfatta av ordninga om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg (spelemiddelordninga), .

I tillegg er det enkelte kostnader i dokumentert modell utan rett til kompensasjon. Desse skal heller ikkje med på transaksjonslista:

Om organisasjonen driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensingar på kva kostnader som skal vere med i søknadsgrunnlaget. De kan for eksempel ta utgangspunkt i organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Dersom de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Minstegrense

Minstegrensa for å kunne søkje etter dokumentert modell er 7 000 kroner i søknadsbeløp, det vil seie i meirverdiavgiftskostnader du har rett på kompensasjon for. Denne grensa gjeld ikkje for underledd.

Revisor

Alle søkarar, underledd og aksjeselskap skal ha revidert rekneskap. Søkarar, underledd og aksjeselskap som har mindre enn 5 mill. kroner i totale driftskostnader, kan bruke Alle andre må bruke ein registrert-, kommune-, eller statsautorisert revisor. Dersom totale driftskostnader er meir enn 5 mill. kroner to år på rad skal siste årsrekneskap reviderast av registrert eller statsautorisert revisor.

Søkarar, underledd og aksjeselskap som har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for sin eigen søknadsdokumentasjon frå statsautorisert revisor, registrert revisor eller kommunerevisor. Rapporten skal følgje standaren «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlinger».

Sentralledd og enkeltståande søkarar som søker på vegner av aksjeselskap, og som i den samla søknaden har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for den samla søknaden frå statsautorisert revisor, registrert revisor eller kommunerevisor. Rapporten skal følgje standaren «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlinger». 

Gå til vedleggs-info – dokumentert modell