Infobrev betalingsformidling
Føremålet med informasjonsbrev er å gjere betalingsformidlarane kjende med regelverket og klar over forbodet som gjeld i Noreg. Førmålet er også å avdekke om betalingsformidlarane i tillegg til pengespeltransaksjonar har lovlege transaksjonar. Vi orienterer også om konsekvensen ved å halde fram med pengespeltransaksjonar, ved at Lotteritilsynet kan treffe vedtak ovanfor norske bankar og andre som yter betalingstenester i Noreg, med pålegg om å avvise transaksjonar til og frå selskapet.
Lotteritilsynet kan kun pålegge norske bankar og andre som yter betalingstenester i Noreg å avvise transaksjonar ved vedtak. Informasjonsbrev er ikkje vedtak. Vi viser for øvrig til det generelle forbodet mot å formidle innsats og utbetaling i pengespel utan løyve i Norge.
Lista viser kven vi har sendt informasjonsbrev til frå og med 2018.
Vi har også sendt informasjonsbrev før dette. Offentlege informasjonsbrev kan søkast opp i vår postjournal.
Dato | Selskap | Merknadsfelt |
---|---|---|
13.11.2019 | Urus London Ltd. | Selskapet har gitt tilbakemelding om at de ønsker å etterleve regelverket. Øvrig informasjon vi har, tyder på at selskapet har valgt å innrette seg etter forbudet, og har trukket seg fra det norske markedet. |
03.05.2019 | Hillside (Sports) GP Limited | |
03.05.2019 | Affiliate Squared Ltd. | |
12.03.2019 | EMP Services SA | |
05.03. 2019 | Paymentworld Europe Ltd. | |
04.02.2019 | PPRO Financial Ltd. | |
14.11.2018 | Nuapay |