Det er kun Norsk tipping som har løyve til å tilby kasinospel og oddspel på nett til nordmenn. Ingen andre spelselskap har løyve til å tilby denne typen spel i Noreg. Gjer dei det, bryt dei norsk lov. Det er ingen aktørar som lovleg tilbyr poker på nett i Norge. Les meir om kven som har lov til å tilby pengespel på nett i Noreg.

Vi har også ei ikkje-uttømmande liste over spelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel på nett til nordmenn. Mange av spelsidene ser ut som dei er norske og driv også utbredt marknadsføring i Norge, sjølv om dette også er forbode. Mange veit difor ikkje at desse selskapa ikkje har løyve i Noreg.

Banken stoppar utbetaling

Spelarar kan oppleve at utbetaling frå pengespel som ikkje har løyve i Norge, blir avvist av banken. Banken kan enten ha avist transaksjonen på eige initiativ fordi banken sjølv har avdekka at det er snakk om ein pengespeltransaksjon, eller som følge av eit av Lotteritilsynets vedtak. Banken har uansett då kun fulgt norsk lov, noko dei har ein plikt til.

Lotteritilsynet mottar jamleg spørsmål frå personar som har opplevd at banken har avvist utbetaling i pengespel. Lotteritilsynet kan ikkje bistå i slike tilfelle med anna enn informasjon om regelverket.  Vår oppgave er å føre tilsyn med at forbodet mot formidling av pengespel som ikkje har løyve i Norge, blir etterlevd.

Les også fagbloggen: Spelar du hos ulovlege pengespelselskap? Då risikerer du å ikkje få gevinst.

Pengespelselskapa omgår norsk lov

Det er pengespelselskapa som bevisst omgår betalingsformidlingsforbodet i norsk lov, som må svare for problema spelarane deira opplever som følge av dette. Pengespelselskapa omgår bevisst oppsatte sperrer for innskot, som er satt for å hindre at nordmenn spelar pengespel som ikkje har løyve i Norge. Spelselskapa informerer også sine kundar om at dei kan spele på selskapa som før, utan fare for at gevinst ikkje blir utbetalt til spelaren sin konto.

Spelarar som får problem med å få gjennomført utbetalingar frå pengespel utan løyve i Noreg, kan eventuelt forsøke å kontakte tilsynsmyndigheiter i landet der spelselskapet har lovleg lisens, dersom selskapet har dette. Forbrukermyndigheitene i Norge ved Forbruker Europa kan bistå med mekling, samt rettleiing og informasjon om regelverket, men har ikkje avgjerslemyndigheit, og kan på tilsvarende måte som Lotteritilsynet ikkje hjelpe med å få gevinsten utbetalt.

Fleire spelarar seier at dei har fått gjennomført innskot, sjølv om dette også er i strid med forbodet om formidling av betaling. Med dei endringar i regelverket frå 1. januar 2020 forventar Lotteritilsynet at vi kan jobbe meir aktivt med å også stanse innskot. Dette betyr at det kan bli vanskelegare å satse penagr hos selskap om ikkje har løyve til å tilby pengespel i Noreg.

Les også: No kan det bli vanskelegare å satse pengar hos utanladske spelselskap.