Kampfiksing
Eininga mot kampfiksing skal kartlegge, førebygge og avdekke manipulering av idrettskonkurransar i Norge. Eininga skal også samordne arbeidet og vere eit informasjonssenter på fagfeltet.
Kjenner du til kampfiksing eller manipulering av idrettsresultat kan du tipse oss. Du kan tipse anonymt om du ønskjer det.
Tips oss om kampfiksingKva er kampfiksing?
Nasjonal handlingsplan mot kampfiksing i idretten er eit samarbeid mellom styresmakter, idretten og speleselskap. Kampfiksing blir definert slik i handlingsplanen:
«Manipulering av en idrettskonkurranse, hvor involverte aktører (utøvere, trenere, ledere, dommere etc.), for økonomisk vinning for seg selv eller andre, søker å påvirke resultatet av konkurransen eller enkelthendelser underveis i konkurransen.»
Kampfiksing kan grovt sett bli delt inn i tre former som ikkje er lovlege:
- Tradisjonell manipulering av sluttresultatet. Eit lag eller ein utøvar taper mot betaling.
- Manipulering av enkelthendingar undervegs i konkurransen som ikkje påverkar sluttresultatet. Til dømes første innkast eller gult kort (spot-fixing).
- Manipulering av sluttresultatet, men ikkje kamputfallet. Døme på dette er utøvarar som får betalt for å sleppe inn eit minimum antal mål (point-shaving).
Les meir om vårt arbeid mot kampfiksing her.
Risiko og straff
Det kan vere fristande å tene raske pengar på å manipulere ein idrettskonkurranse. Men det kan få alvorlege konsekvensar for dei involverte og for idretten.
Manipulering av idrettskonkurransar kan vere straffbart. Du risikerer bøter, utestenging og suspensjon frå idretten. Det kan også få konsekvensar for idrettskarriere og press frå kriminelle miljø.
Det er også straffbart å ikkje rapportere om du kjenner til manipulering av idrettskonkurransar.
Lov for Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité har særlige bestemmelsar om manipulering av idrettskonkurransar.
Norges fotballforbund har særlege bestemmelsar om manipulering av idrettskonkurransar. Også her er det rapporteringsplikt dersom ein mottar tilnærmelsar om manipulering av idrettskonkurransar.