Lotteritilsynet oppretta i 2016 ei nasjonal eining som skal kartlegge, førebygge og motarbeide manipulering av idrettsresultat. Kampfiksingseininga er sentral i vårt arbeid mot kampfiksing. Den skal samordne kampen mot manipulering av idrettskonkurransar i Noreg og tene som eit nasjonalt informasjonssenter. Vi er også ansvarleg for dei strategiske trusselvurderingane på fagfeltet.

Eininga vil basere sine analysar på informasjon frå følgjande kjelder:

  • Idretten og hestesporten
  • Spelselskap, både nasjonale og internasjonale
  • Relevante myndigheiter, både nasjonale og internasjonale
  • Tips frå utøvarar, publikum og andre som kan ha relevante opplysningar kring temaet

Kulturdepartementet presenterte 11. desember 2012 ein nasjonal handlingsplan mot kampfiksing i idretten for å førebyggje, avdekke og reagere på manipulering av idrettskonkurransar.

Kampfiksingseininga har primært ei rolle kring avdekking, men også når det gjeld førebyggjande arbeid.

Tips om kampfiksing

Lotteritilsynet behandlar alle tips fortruleg. Det er ein viktig verdi for oss som verksemd at varslarar og tipsarar blir behandla fortruleg og med respekt. På den måten håpar vi at det blir ein låg terskel for å tipse oss. Tips oss her!

Erfaring har vist at tips om kampfiksing ofte er avgjerande for at slike saker blir kjent. Difor er tips i kombinasjon med meir etablerte informasjonskanalar sentral for vår verksemd. Ofte er det vanskeleg å vite kva ein skal tipse om, og om det ein veit eller mistenker er viktig. I mange tilfelle kan sjølv ein tilsynelatande ubetydelig detalj vere med på å belyse eit større bilete. Difor, viss du er i tvil, ta kontakt.

Idrettens eigne reglar om varslingsplikt ved tilnærmingar om resultatmanipulering er eit positivt tiltak idretten sjølv har vedtatt. Dette tiltaket vil vere sentralt både med tanke på førebygging og avdekking.

Kampfiksing i media

Vi overvakar oppslag i media knytt til resultatmanipulering og kampfiksing gjennom vår samarbeidspartner Retriever.