Norske bankar og andre som yter betalingstenester har ikkje lov til å formidle innsats og utbetaling i pengespel, som blir tilbydd av pengespelselskap utan løyve i Noreg. Forbodet gjeld både innskot frå spelarar, som ofte skjer via kredittkort, og utbetaling av gevinst, som ofte skjer til spelaren sin bankkonto. Forbodet omfattar både slike pengestraumar som går direkte til og frå pengespelselskapa og pengestraumar som går via andre partar. Målet med tiltaket er å redusere tilbodet av ulovlege pengespel i Noreg, for å beskytte spelarane.

Forskrift om forbud mot betalingsformidling for pengespill som ikke har norsk tillatelse.

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har lenge hatt tillatelse/konsesjon til å tilby pengespel i Norge. I tillegg kan bingoaktører med tillatelse fra Lotteritilsynet, tilby hovudspillet sitt på internett. Oversikt over kven som har løyve til å tilby bingo finn du i Lotteriregisteret.

I 2017 vart det gitt fem 9-årige løyver med heimel i lotterilova, til lotteri med omsetning inn til kr. 300 millionar per år. Dette gjeld:

  • Pantelotteriet ved entreprenør Norsk Pantelotteri AA. Organisasjonsnummer: 996 684 075.
  • Postkodelotteriet ved enreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS. Org.nr: 996 684 075.
  • UNICEF-lotteriet ved Lottovate Limited . Org.nr: 915 756 697.
  • Klimalotteriet, Norsk Underholdningsspill AS. Org.nr: 977 337 003.
  • Fotolotto, ved entreprenør Fotolotto.no AS. Org.nr: 915 697 178.

Dette betyr at betalingstransaksjoner til og frå desse selskapa, ikkje skal stansast.

Spelselskapa forsøker å omgå forbodet

Dei fleste utanlandske spelselskapa har innført betalingsløysingar for å omgå forbodet. Pengeoverføringane går stort stort sett via tredjepartsselskap. Dette gjer det vanskelegare for bankane å identifisere overføringar til utanlandske spelselskap.

I tillegg har dette ført til at norske spelarar kan bruke kredittkort når dei spelar hos utanlandske speleselskap. Kredittkorta har ei innebygd sperre mot transaksjonar til selskap som nyttar varekoden for pengespel. Sidan transaksjonane no går via tredjepartsselskap som nyttar andre kodar, vert transaksjonen godkjent. Dermed kan norske spelarar spele for pengar dei ikkje har, og på kort tid opparbeide seg ei stor kredittkortgjeld.

Informasjon til spelarar og bankar

Er du spelar og har problem med utbetaling av gevinst? Er du tilsett i ein bank som ønskjer meir informasjon om regelverket eller ønskjer å tipse oss? Følg knappane under.


Informasjon til spelarar                                              
Informasjon til bankar

Tiltak for å effektivisere forbodet

Lotteritilsynet har jobba strategisk og langsiktig med tiltak for å effektivisere forbodet mot formidling av pengar til og frå utanlandske pengespelselskap.

I 2015 identifiserte vi ei rekke tredjepartsselskap som formidla innskot til slike selskap. Bankar og finansinstitusjonar har mottatt eit informasjonsskriv med ei oversikt over desse selskapa.

Lotteritilsynet har treft ei rekke vedtak ovanfor norske bankar og finansinstitusjonar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå bankkontoar til pengespelselskap og selskap som vi har identifisert som betalingsformidlarar for pengespelselskap. Desse kontoene har hovudsakleg blitt brukt til utbetaling av gevinstar. Her kan du sjå vedtak sendt til norske bankar om ulovleg betalingsformidling til utanlandske pengespelselskap.

Vi har også sendt informasjonsskriv til selskap vi har identifisert som betalingsformidlarar for pengespelselskap. Fleire av desse selskapa har etter dialog, eller etter at det har blitt sendt vedtak til norske bankar, stoppa pengespeltransaksjonar til og frå Noreg. Her finn du oversikt over informasjonsbrev vi har sendt ut frå og med 2018.

Forskriftsendring

Det er gjort endringar i forskrift om forbud mot betalingsformidling av pengespill som ikke har norsk tillatelse, slik at vi skal oppnå større effekt av forbodet. Endringane er iverksatt frå 01.01.2020 og betyr blant anna følgande:

  • Ei tydeliggjering av at betalingsformidlingsforbodet gjelder generelt og at det også omfattar foretak som gjennomfører betalingstransaksjonar på vegne av pengespelselskap.
  • At Lotteritilsynet i tillegg til å fatte vedtak om å avvise betalingstransaksjonar identifisert med kontonumre, kan fatte vedtak identifisert ved namn på pengespelselskap eller andre betalingsformidlarar. Dette vil også gi heimel til å treffe vedtak om å stanse betaling av innskot ved korttransaksjoner til tredjepartsselskap.
  • Ei plikt for bankar og andre foretak som yter betalingstenester i Norge, til å undersøke alle betalingstransaksjonar til og fra pengespel utan norsk løyve som Lotteritilsynet har sendt vedtak om.
  • Ei opplysningsplikt, for bankar og andre foretak som yter betalingstenester i Norge, til Lotteritilsynet om selskap som formidlar betaling knytt til pengespel som ikkje har løyve i Norge, på forespørsel frå Lotteritilsynet.