Velg søknadsmodell
To modellar
De må velgje ein av desse søknadsmodellane:
- Forenkla modell som tek utgangspunkt i totale driftskostnader.
- Dokumentert modell som tek utgangspunkt i reelle meirverdiavgiftskostnader.
Vilkår
- Organisasjonar som består av fleire ledd, må bruke same modell for alle ledd.
- Siste års rekneskap skal leggast til grunn for berekninga, uansett om de følgjer kalenderåret, eller om de har avvikande rekneskapsår.
Kva er skilnaden?
Forenkla modell er basert på den gjennomsnittlege momsbelastninga i frivillig sektor, og de får kompensasjon uavhengig om det er meirverdiavgift på kostnaden. Driftskostnader etter frådrag for nærare bestemte kostnader utgjer søknadsgrunnlaget. Det blir rekna eit søknadsbeløp på 8 % av dei første 5 mill. kroner i søknadsgrunnlag. Deretter blir det rekna eit søknadsbeløp på 6 % av søknadsgrunnlag over 5 mill. kroner.
Kvifor 8 og 6 prosent? – Kulturdepartementet fekk kartlagt meirverdiutgifter i frivillige organisasjonar gjennom ei undersøking før momskompensasjonsordninga blei starta opp i 2010. Funna den gong vart stadfesta i ei ny undersøking i 2015. Begge undersøkingane viste at meirverdiavgiftspliktige kostnader utgjorde 35 % av kostnadane. I den gamle forskrifta vart det berekna eit søknadsbeløp på 7 prosent av søknadsgrunnlaget (Den gjennomsnittlege meirverdiavgiftssats var på ca. 20 %. 35 % multiplisert med 20 % er 7 %). I ny forskrift er det lagt opp til at det bereknast 8 prosent søknadsbeløp av dei første 5 mill. kroner i søknadsgrunnlag. Deretter bereknast det 6 prosent søknadsbeløp av søknadsgrunnlag over 5 mill. kroner. Dette gir ein utbetalingsprofil der søkarar som har under 10 mill. kroner i søknadsgrunnlag kjem betre ut enn i gammal modell, mens søkarar som har over 10 mill. kroner i søknadsgrunnlag får noko lågare kompensasjon.
I dokumentert modell er utgangspunktet faktiske meirverdiavgiftskostnader. Denne modellen er noko meir arbeidskrevjande. Den krev at de er i stand til å lage ei oppstilling over alle rekneskapsbilag med spesifisert meirverdiavgift som de ønskjer å få kompensert. Søknadsbeløpet i dokumentert modell blir difor lik det beløpet de faktisk har betalt i meirverdiavgift, etter at de har teke omsyn til om kostnaden fell innanfor ordninga og om den gir rett på kompensasjon.
Det er ikkje lenger skilnad på dei to modellane når det gjeld krav til revisjon og revisorrapport.
Du finn meir informasjon ved å gå inn på kvar einskild modell.