Søknadsfristen var 1. september 2021.

Elektronisk søknadsskjema

Alle søkarar skal bruke elektronisk søknadsskjema:

  • Nokre søkarar vil få varsel når organisasjonsnummeret blir lagt inn. Det gjeld for eksempel om organisasjonen ikkje er registrert i Frivilligregisteret, om organisasjonen er eit aksjeselskap eller om organisasjonen søkte som underledd førre gang.
  • Sentralledd skal legge inn informasjon om eventuelt prosentvis administrasjonstilskot i søknaden.
  • Sentralledd vil få tilbakemelding om feil eller manglar i reknearket over underledd når det blir lasta opp. Det skal for eksempel dukke opp varsel ved manglande registrering i Frivilligregisteret, ugyldige organisasjonsnummer, om eit organisasjonsnummer er lagt inn meir enn ein gong eller om organisasjonen allereie inngår i ein annan søknad.

Ta kontakt med Lotteri- og stiftelsestilsynet om du har spørsmål eller opplever problem med søknadsskjemaet. Vi ønskjer å hjelpe til.

Slik søker du

  1. Finn fram obligatoriske vedlegg og søknadstal.
  2. Klikk på lenka nedanfor for å opne skjemaet.
  3. Logg deg inn via ID-porten.
  4. Fyll ut skjemaet og last opp obligatoriske vedlegg.
  5. Send inn søknaden. Kvittering blir sendt til organisasjonens meldingsboks i Altinn og på e-post til oppgitt kontaktinformasjon.
  6. Logg ut eller start på ny søknad.

Søknaden blir lagra automatisk undervegs. Du kan difor logge ut av søknadsskjemaet, logge inn at og fortsette utfylling av skjema seinare. Hugs likevel å sende inn søknaden før søknadsfrist! Vi har ein streng praksis , og søknader sendt inn etter søknadsfristen blir avvist.

Søknadsfristen var 1. september.