Ikkje alle vedlegg er obligatoriske for alle søkarar. Sjå over lista nedanfor for å sjå kva vedlegg som er aktuelle for din organisasjon. Det elektroniske søknadsskjemaet vil også informere om kva vedlegg som er aktuelle for din organisasjon. Hugs at søknad med vedlegg i utgangspunktet blir offentleg tilgjengeleg når du sender inn søknad.

Vedlegg A – Godkjent og signert årsrekneskap

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg B – Årsmelding.

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg C – Revisjonsmelding.

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg D – Avtalte kontrollhandlingar (revisorrapport).

Revisorrapporten er obligatorisk for:

  • Søkarar, underledd og aksjeselskap som har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad.
  • Sentralledd og enkeltståande søkarar som søker på vegner av aksjeselskap, og som i den samla søknaden har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad.

Les meir om revisjon, og finn malar for revisorrapportar.

Vedlegg F – Eigenerklæring om frivillig verksemd, aksjeselskap.

Dette gjeld berre for søkarar som søker på vegner av aksjeselskap. Aksjeselskapet må kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda.

For at forvaltaren av ordninga skal vere i stand til å vurdere om aksjeselskapets verksemd er basert på tilstrekkeleg grad av frivillig innsats, må aksjeselskap legge eigenerkæring om frivillig verksemd ved søknaden.

Rekneark

Alle organisasjonar som søker på vegne av andre organisasjonar (sentralledd) må i tillegg fylle inn eit rekneark som blir lasta opp i det elektroniske søknadsskjemaet. Reknearket kan du laste ned når du fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet

Vi har utarbeidd malar for rekneark som sentralledd kan bruke for innhenting av tal frå underledd. Det er enkelt å overføre talmaterialet frå underledd til samlearket som sentralleddet skal levere saman med søknaden.