regnskapForenkla regelverk

Frå og med søknadsåret 2019 er det gjort forenklingar i regelverket slik at det no er ei felles grense på fem millionar kroner i driftskostnader før det er krav om bruk av registrert revisor, statsautorisert revisor eller kommunerevisor til revisjon av rekneskapen og søknad om momskompensasjon . Forenklinga gjeld ikkje organisasjonar som etter rekneskapslova, særlovgjeving eller som følgje av vedtekter har krav om å bruke registrert revisor, statsautorisert revisor eller kommunerevisor, til dømes stiftelsar.
Sjå punkt 2.3 i høyringsnotatet for meir informasjon om forenkling og lette i krav om bruk av revisor.

Kven skal levere revisjonsmelding?

Søkarar, underledd og aksjeselskap skal alle ha reviderte rekneskap.  Organisasjonar som har mindre enn fem millionar kroner i totale driftskostnader kan bruke vald revisor. Dersom totale driftskostnadar overstig 5 millionar kroner to år på rad må organisasjonen bruke registrert revisor, statsautorisert revisor eller kommunerevisor. Det er berre sentralledd og enkeltståande søkarar som skal sende inn til oss. Men alle andre må kunne vise fram revisjonsmelding dersom vi ber om det.

Kven skal levere revisorapport?

Desse organisasjonane skal levere  (avtalte kontrollhandlingar):

  • Søkarar, underledd og aksjeselskap som har minst fem mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for sin eigen søknadsdokumentasjon.
  • Sentralledd som i den samla søknaden har minst fem mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for den samla søknaden.
  • Enkeltståande søkarar som søker på vegne av aksjeselskap, som i den samla søknaden har minst fem mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad, skal ha revisorrapport for den samla søknaden.

Revisorrapport frå lokallag, regionallag og aksjeselskap skal ikkje sendast til oss, men til sentralleddet. Kontakt ditt sentralledd for å få vite den interne søknadsfristen.

Revisorrapporten skal vere utarbeidd av statsautorisert-, registrert-, eller kommunerevisor. Revisor skal utføre kontroll av søknadane basert på standarden: ISRS 4400 – avtalte kontrollhandlinger. Bortsett frå å avdekke og rapportere funn basert på dei avtalte kontrollhandlingane har ikkje revisor ansvar for eller plikt til å kontrollere søknadane. Revisor skal for eksempel ikkje vurdere om søkaren kjem inn under ordninga. Ved spørsmål om dei avtalte kontrollhandlingane oppfordrar vi revisor om å ta kontakt med oss.

Malar for revisorrapport

Her finn du malar for ulike revisorrapportar, pass på å bruk rett modell og rett type søkar.
(Vi gjer merksam på at desse malane berre finst på bokmål)

Vanlege feil i revisorrapporten

  • Revisor brukar feil rapport. Pass på at revisorrapporten de bruker gjeld rett modell, og rett type søkar.
  • Revisor rapporterer ikkje på alle punkt. Dersom enkelte kontrollhandlingar ikkje er aktuelle, skal revisor rapportere at dei ikkje er aktuelle. Dersom revisor ikkje gjer dette, kan vi ikkje vite om kontrollhandlinga er gløymt, eller om den ikkje er aktuell. Dette kan få konsekvensar for søknaden.
  • Revisor rapporterer ikkje avdekka feil og om dei er korrigert i søknaden. Dersom det er avdekka feil i søknaden, er det viktig at dette kjem tydeleg fram. Det må også komme tydeleg fram om feilen er korrigert i søknaden eller ikkje.

Kurs for revisor

I samarbeid med Revisorforeningen har vi laga eit eKurs om momskompensasjonsordninga med spesiell vekt på endringar i regelverket som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2019.
Du kan lese meir og melde deg på kurset her.