Tips og informasjon fra norske bankar og finansinstitusjoner er viktig for Lotteritilsynet i vårt arbeid med betalingsformidlingsforbodet. Dersom du har mistanke om pengespeltransaksjoner oppfordrar vi bankane til å tipse Lotteritilsynet om aktørar og kontonummer som gjennomfører desse. Dette gjeld både aktørar på innskot og utbetaling av gevinst.

Tips oss her

Vi opplever at forskjellige bankar har ulike tilnærmingar til betalingsformidlingsforbodet. Nokon bankar jobber sjølv aktivt med forbodet og stansar pengespeltransaksjoner på eige initiativ.

Når skal transaksjonar stanses ved ulovleg pengespel? Les mer i rettleiaren til Økokrim og Lotteritilsynet.

Forbodet gjeld generelt

Lotteritilsynet understrekar at forbodet mot formidling av betaling gjeld generelt, og ikkje kun i dei tilfella Lotteritilsynet har gjort vedtak. Dersom du har mistanke om pengespeltransaksjoner er det mogleg å gjere nærmare undersøkingar rundt dette. Dersom transaksjonen er ein pengespeltransaksjon er banken pliktig å stanse denne.

På bakgrunn av informasjonen frå bankar saman med anna informasjon, kan vi blant anna treffe vedtak om å avvise betalingstransaksjonar identifisert med kontonummer, namn på pengespelselskap, eller andre foretak som gjennomfører betalingstransaksjonar på vegne av pengespelselskap.

Når vi identifiserar nye betalingsformidlingsselskap, innleiar vi ofte med å sende informasjonsbrev om regelverket og betalingsformidlingsforbodet i Noreg. Her finn du ei oversikt over informasjonsbrev vi har sendt.

Unntak

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har lenge hatt tillatelse/konsesjon til å tilby pengespel i Norge. I tillegg kan bingoaktører med tillatelse fra Lotteritilsynet, tilby hovudspillet sitt på internett. Oversikt over kven som har løyve til å tilby bingo finn du i Lotteriregisteret.

I 2017 vart det gitt fem 9-årige løyver med heimel i lotterilova, til lotteri med omsetning inn til kr. 300 millionar per år. Løyva er gitt til:

  • Pantelotteriet ved entreprenør Norsk Pantelotteri AA. Organisasjonsnummer: 996 684 075.
  • Postkodelotteriet ved enreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS. Org.nr: 996 684 075.
  • UNICEF-lotteriet ved Lottovate Limited . Org.nr: 915 756 697.
  • Klimalotteriet, Norsk Underholdningsspill AS. Org.nr: 977 337 003.
  • Fotolotto, ved entreprenør Fotolotto.no AS. Org.nr: 915 697 178.

Dette betyr at betalingstransaksjoner til og frå desse selskapa, ikkje skal stansast.

Om innskot

Forbod mot spelbetalingsformidling gjeld også innskot, som ofte skjer ved korttransaksjonar.

Bankane sine system stansar transaksjonar til brukarstadskode 7995 for pengespel, men pengespelselsskapa benyttar i stor grad tredjepartsselskap som har andre brukarstadkoder. Forbod mot spelbetalingsformidling omfattar også pengespeltransaksjonar som ikkje er merkt med riktig brukarstadskode.

Lotteritilsynet har etter regelverksendring 1. januar 2020 moglegheit til å treffe vedtak med pålegg om å avvise betalingstransaksjonar identifisert med føretaksnamn der føretaket brukar annan brukarstadskode enn pengespel for betalingstransaksjonar med betalingskort, men likevel gjennomfører betalingstransaksjonar ved innskot til og utbetaling frå pengespel.

Endringar i regelverket

Ved endringar i forskrift om spillbetalingsformidling som trådte i kraft 1. januar 2020 blei forpliktelsane til bankar og andre som yter betalingstenester i Noreg utvida.  I forkant av endringane sendte Lotteritilsynet ut brev med utfyllande informasjon om korleis bankar og finansinstitusjonar skal handtere regelverket.

Ein del bankar opplever det uklart korlangt plikta til å stanse transaksjonar går. Vi oppfordrer dei som har spørsmål om å kontakte Lotteritilsynet.

Her finn du ei oversikt over vedtak sendt til norske bankar.