Det har vore ein auke i omsetninga hos Norsk Tipping (lotteri og dei interaktive spela i kategorien Instaspill), Rikstoto samt dei større private lotteria med lisens i koronaåret 2020. Spel som i større grad har vore negativt påverka av koronapandemien har hatt redusert omsetning. Dette gjeld mellom anna spel i bingolokale og spel på skip, men også Norsk Tipping sine terminalspel Multix og sportsspel har hatt redusert omsetning. For å redusere smitte har t.d. bingohallar og speleterminalar vore stengt i periodar, og for sportsspela var det særleg før sommaren færre hendingar å spele på. Isolert sett, har det vore ein auke i 2020 for radiobingo og entreprenørbingoens hovudspel spelt over internett.

Målingar som Sentio gjer på oppdrag for Lotteritilsynet, og samanlikningar frå år til år, indikerer at det i koronaåret særleg ser ut til at fleire har spelt talspel, skrapespel og deltatt i Pantelotteriet. Deler av veksten ser ut til å henge saman med spel på nett. Blant spelarar er det fleire som spelar på nett, og særleg ser dette ut til å gjelde for menn.

Last ned statistikken i PDF.

Kanalisering

Målt i talet på spelarar aukar den regulerte marknaden sterkt samanlikna med den ulovlege. Målingar som Sentio Research utfører viser at andelen nettspelarar aukar år for år. Auken skjer for norske regulerte spel, men ikkje for dei utanlandske nettstadene. Andelen nordmenn som har spelt hos dei utanlandske aktørane har i mange år lagt mellom 4 og 5 prosent. I 2020 var andelen 4,4 prosent basert på halvårlege målingar, mot dette hadde 14,3 prosent spelt hos Norsk Tipping dei spela som er i konkurranse med dei ulovlege (Instaspill og sportsspel). Året då Norsk Tipping lanserte interaktive nettspel (Instaspill) var andelen 5,9 % for Norsk Tipping og 4,2 % for dei utanlandske. Det har dermed vore stor grad av stabilitet for dei ulovlege, men meir enn ei dobling for Norsk Tipping.

Lotteritilsynet bereknar no at netto omsetning (GGR) hos dei ulovlege utgjer mellom 1,7 og 2,1 milliardar kroner. Dette utgjer om lag 15 % i den totale pengespelmarkanden i 2020. For spel som er i direkte konkurranse utgjer andelen i underkant av 50 %, og for 2019 låg tilsvarande i overkant av 50 % . At dei ulovlege aktørane sin marknadsdel er større når ein måler i pengar enn i talet på spelarar, skuldast mellom anna at ein spelar kan tape langt meir hos ein ulovlege aktør enn det som er mogeleg med dei maksimale tapsgrensene hos dei norske aktørane. Undersøkingane våre viser også at dei som spelar hos utanlandske speleselskap spelar for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader.

Pengespel og lotteri i 2020

I 2020 vart det satsa totalt 51 milliardar kroner (brutto omsetning). I 2019 var omsetninga nær 50 milliardar. Netto omsetning (samla innsats minus utbetalt gevinst) var i 2020 i overkant av 10,9 milliardar kroner, mens den i 2019 var nærare 10,6 milliardar. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa nær 12 000 kroner på regulerte pengespel i løpet av 2020. Når gevinstane er trekte ifrå låg det igjen nær 2 600 kroner per innbyggar.

Innsats og tap på utanlandske nettstader kjem i tillegg til dette. Gjennom kvartalsvise målingar som Sentio Research Norge AS har utført for oss, kjem det fram at i overkant av 1,2 million nordmenn spelte pengespel på Internett i 2020 mot nærare 1,0 million i 2019. Både i 2020 og i 2019 viser målingar at om lag 170 000 av desse spelte på utanlandske nettstader. Vi reknar med at målingane ikkje fangar opp alt spel, men meir av dei som spelar ofte enn dei som spelar sjeldan.

I målingane er det ein auke på om lag 200 000 personar som har spelt pengespel på nett. Når denne auken ikkje er synleg blant dei som har spelt på utanlandske nettstader utgjer dette ein stor auke for dei norske selskapa, og i hovudsak Norsk Tipping. Vi reknar med at auke i nettspel mellom anna heng saman med at nett og mobil for fleire har blitt ein føretrekt måte å kjøpe pengespel under koronaen.

Nøkkeltal 2020

 Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. EURO)*GGR (mill. Euro)
NT - talspel og Flax12 3156 0781 149567
NT - sportsspel3 57588233382
NT - Instaspel22 6441 2492 112117
NT - Multix2 13116719916
NT - Belago1 92913418012
Norsk Rikstoto3 5891 108335103
Lotteri **6904706444
Bingo 3 82280635574
Spel på skip30241284
Totalt50 99710 9354 7561 019
Per capita
(18 år/yrs +)
12 0002 6001 120240

*2020: 10,7207 NOK = 1 EUR.

**Estimat foreløpige tal.

Tabellen viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt.

Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær). Denne fordelinga blir presentert i ein årsstatistikk som kjem ved utgangen av 2021.

Endring 2019-2020

 Brutto (2019) Netto (2019)Brutto (2020)Netto (2020)Endring (brutto)Endring (netto)
NT - talspel og Flax11 6155 72512 3156 0786 %6 %
NT - sportsspel3 7979473 575882-6 %-7 %
NT - Instaspel18 03098122 6441 24926 %27 %
NT - Multix3 6712832 131167-42 %-41 %
NT - Belago3 1532201 929134-39 %-39 %
Norsk Rikstoto3 3981 0743 5891 1086 %3 %
Lotteri *60639569047014 %19 %
Bingo4 7658663 822806-20 %-7 %
Spel på skip5568630241-46 %-52%
Totalt49 59210 57750 99710 9353 %3 %

*Deler av omsetninga er estimert for 2020

Norsk Tipping si omsetning har særleg auka for spel i kategorien Instaspill (online kasino, online bingo og online skrapespel), men og for talspel. Omsetninga på Multix- og Belago-terminalane er sterkt redusert.

Rikstoto har auka nettoomsetninga med 3 prosent. I resten av den private markanden er det to av dei store lotteria som bidrar til omsetningsauken. Dette gjeld Postkodelotteriet og Pantelotteriet. Vi reknar med ein reduksjon for dei mindre lotteria. Bingo og spel på skip har og hatt redusert omsetning.

Nordmenn si deltaking i norsk lotteri- og pengespelmarknad

Lotteritilsynet får årleg gjennomført i befolkninga. Målingane blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar 15 år og eldre spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagrammet under  som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn, samt aldersgrupper. I tillegg har vi med diagram som viser utviklinga totalt for år 2018 til og med 2020.

 

Av Norsk Tipping sine spel er det talspela og Flax flest spelarar har spelt det siste året. Færrast har spelt på terminalspela Multix og Belago. Færre har sagt dei spelar hos Norsk Rikstoto.

Blant private spel og lotteri er det flest som svarer at dei har kjøpt lodd i Pantelotteriet og i andre lotteri der andelen er størst for dei mindre lotteria. Langt færre seier dei har delteke i andre større lotteri med lisens. Færrast har svart at dei har spelt bingospel hos bingoentreprenørar eller spel om bord på skip i rutetrafikk mellom Norge og utlandet.

På grunn av feilmarginar ved målingane vil reell andel spelarar kunne avvike noko frå det som er presentert her.

For mange spel har menn oftast sagt at dei deltek, men kvinner seier oftare at dei kjøper skrapelodd eller andre lotteri.

Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

 

 

Hovudinntrykket er at talspela til Norsk Tipping, hestespel hos Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet samt andre lotteri har forholdsvis fleire spelarar i dei eldre aldersgruppene. Andre spel har oftare deltaking blant yngre.

Diagrammet under viser endring i deltaking frå 2018 til 2020.

Hos Norsk Tipping har talspel, papirskrapeloddet Flax og Instaspill-kategorien hatt ein auke i deltaking. Relativt er auken stor for Instaspill. I den private delen av marknaden er auken mest markant for Pantelotteriet.

 Nettspelarar

Kvartalsvise målingar som Lotteritilsynet får utført viser ein auke i talet på nettspelarar i 2020 samanlikna med året før. I 2020 viser målingane at 1 220 000 nordmenn frå 18 år og oppover spelte på Internett eller mobil. Dette utgjer 29 prosent av den vaksne befolkninga . For 2019 berekna vi 990 000 nettspelarar, som då utgjorde 23 prosent.

Sidan våre berekningar baserer seg på regelmessige målingar utført gjennom heile år, får vi etterslep. Talet på nettspelarar ved utgangen av 2020 kan reelt sett vere høgare enn vi får fram her. Det kan og tenkjast at målingane i større grad fangar opp dei som spelar ofte og jamleg, enn dei som spelar sjeldan og sporadisk.

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske nettstader. 86 prosent av nettspelarane har i 2020 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet eller Unicef-lotteriet. 10 prosent har spelt både på norske og utanlandske medan 4 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader.

Frå resultatet spelar 27 % i befolkninga på norske nettstader, som utgjer 1 160 000 personar i 2020. Tilsvarande tall i 2019 var 900 000 spelarar.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel som til dømes Lotto på nett. Dvs. at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett, er det 88 % blant dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 20 %, skrapespel med 15 % og liveodds med 7 %.

 

Om vi ser på den vaksne befolkninga utan å avgrense til nettspelarar, utgjer då dei som spelar talspel via nettet om lag 22 % i 2020. Sports- og odds-spel blir spelt av om lag 5 % og kasinospel av mellom 1 og 2 %. For 2020 viser målingane ein større auke for talspel og skrapespel, målt i andel nettspelarar.

Sjå andel av befolkninga (18+) som har spelt ulike pengespel på nett i løpet av dei siste tre månadane (2018-2020) i PDF-versjon.

Stabil deltaking på utanlandske nettsider

Frå målingane har 170 000 spelarar spelt på utanlandske nettstader. Dette utgjer 3,9 % av den vaksne befolkninga. Dette er stort sett stabilt samanlikna med året før då prosentdelen var 4,1 %.

At endringa er lita, blir underbygd av halvårlege målingar som Lotteritilsynet får utført i tillegg til kvartals-vise. I desse inngår spørsmål om spel på nett hos andre enn Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkode-lotteriet, Unicef-lotteriet eller nettbingo gjennom lokal bingohall. 4,4 prosent svarte her at dei har spelt på utanlandske nettstader. I 2019 var tilsvarande prosent 4,6. Diagrammet under viser ein langvarig stabilitet når det gjeld nordmenns deltaking på utanlandske nettstader.

 

Som nemnt fangar ikkje målingane opp alt spel, og vi reknar med at om lag, eller kanskje noko i overkant av 200 000 har spelt hos ulovlege nettselskap i 2020. For dei spela der Norsk Tipping konkurrerer med utanlandske spelselskap viser målingane at andel spelarar hos Norsk Tipping aukar. Diagrammet under syner prosentdel i befolkninga, som frå desse målingane har spelt på utanlandske nettstader og andel som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping.

 

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

 

Nettspelarane er oftast menn. I 2020 har 35 % av mennene spelt på nett eller mobil det siste året, og blant kvinner er andelen 22 %. Etter alder er andelen nettspelarar i år 2020  høgast blant personar mellom 40 og 49 år. Her har 36 % spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast blant personar som er 50 år og eldre der andelen er 25 %. Det er ein tendens til at auken, særleg frå 2019 til 2020 har vore noko større for menn.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og dei færrast om natta. Mange nyttar mobiltelefonen og i 2020 heile 77 % av dei som spelar på nett.

Regulerte og uregulerte selskap som tilbyr spel på nett

Blant dei norske regulerte selskapa har Norsk Tipping og Norsk Rikstoto distribuert sine spel over nett i ei rekke år. Unicef laserte eit nettbasert lotteri i 2017, men dette lotteriet vart avvikla hausten 2020. Postkodelotteriet blei lansert hausten 2018 av WWF og SOS Barnebyer og blir selt over nett. I tillegg har norske bingoentreprenørar med landbasert bingo høve til å også selje sitt hovudspel over internett.

Ifølgje målingane spelte 94 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 7 prosent spelte hos Norsk Rikstoto i løpet av dei siste 12 månadene. Postkodelotteriet vart oppgitt av 5 prosent og Unicef-lotteriet 1 prosent. Bingospel på nett via lokal bingohall vart også oppgitt av 1 prosent av nettspelarane.

Blant utanlandske nettspelselskap hadde Unibet størst deltaking, og 9 % av nettspelarane sa dei hadde spelt der.

Frekvens og innsats

I målingane våre for 2020 sa 38 prosent av nettspelarane at dei spelte 13 gonger eller meir i løpet av det siste kvartalet. I same periode sa 10 % at dei ikkje hadde spelt. Gjennomsnittet var 12 . Snittet utgjer speling litt i underkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 11,2 gonger. For dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 6,5 og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 20,5 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kor mykje spelarane har spelt for, har vi spurt kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap. Snittet var 276 kroner . Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 250 og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 702. Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 360.

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos utanlandske speleselskap spelar for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader.

Kva nordmenn legg igjen på utanlandske nettstader

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,7 og 2,1 milliardar kroner i 2020. Forenkla blir dette 1,9 milliard kroner. Dette er eit stabilt estimat samanlikna med for 2019 som vi i fjor berekna til mellom 1,7 – 2,0 milliardar. Sidan bruk av kjelder og tilgjengeleg informasjon endrar seg noko, er det vanskeleg å samanlikne dei to åra direkte.

  • Berekna verdi av marknadsføringa til dei utanlandske selskapa.
  • Omsetninga hos Norsk Tipping sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS.
  • Utsegn og rapporterte tall frå den utanlandske bransjen, der vi ikkje finn støtte for stigande omsetning i
    Norge.
  • Tall frå analyseselskapa GBGC og H2GC.

Det bør nemnast at etter Lotteritilsynet hadde utarbeidd dette estimatet i mars 2021, så auka H2GC sitt estimat med om lag ein milliard (frå 3,6 mrd til 4,7 mrd). I vår modell ville denne endringa ført til at vårt totale estimat, basert på kjeldene over, ville lagt mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner.

På Hjelpelinjen dominerer kasinospel, og spel frå utanladske aktørar

Hjelpelinjen hadde i 2020 ein nedgang i telefonsamtaler. Tal på samtaler om pengespel vart redusert med 3 prosent, frå 621 til 601 samtaler. Tal på førstegongs- samtaler fall med 11 prosent frå 506 til 450. 2020-talet inkluderer førstegongs chat- samtaler. I tillegg tok Hjelpelinja mot 88 e-postar om pengespelproblem. I 2019 hadde ikkje Hjelpelinja chat, men mottok fleire e-postar (143).

Kasinospel er den dominerande spelkategorien på hjelpelinja. Tabellen under viser kva spel førstegongs- samtalene i 2020 handla om. Dersom fleire spel har vore omtalte i same samtale, vart det registrert kva spel som var hovudproblemet.

Hovudproblemspel
(eller det einaste..)
Tal samtalarAndel (%)
Kasinospel (nett)23051
Odds7617
Poker225
Bingo204
Databingo30.7
NT Belago20.4
Hestespel123
NT Terminal (Multix)30.7
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
51
Tipping40.9
Skrapespel51
Andre pengespel71
Pengespel, men ikkje spesifisert5813
Dataspel (ikkje pengespel)30.7
Totalt450100

Det blir også registrert kva speloperatør det er spelt hos. Av samtalene om kasinospel er Norsk Tipping åleine nemnd som tilbydar i 4 prosent av samtalene i 2019. I 34 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og utanlandske operatørar nemnde, medan det i 47 prosent av samtalene er utelukkande ein utanlandsk operatør som blir nemnd. I samtalene om odds og liveodds, viser 12 prosent av samtalene til Norsk Tipping, 34 prosent viser til både Norsk Tipping og utanlandske operatørar og 30 prosent viser utelukkande til ein utanlandsk operatør. I samtalene om poker gjeld 73 prosent nettpoker.

Andelen førstegongssamtaler som gjeld kvinner var i 2020 på 16 prosent. Snittalderen var på 35,5 år. Tabellen under viser kva spel som blir nemnt som problematiske etter alder.

Når det gjeld kasinospel, odds- og sportsspel samt poker, er det spelarar i alle aldersgrupper som har problem, men den yngste aldersgruppa ser ut til å vere overrepresenterte, særleg for kasinospel. Motsett, er det dei eldste aldersgruppene som relativt oftare nemner problem med spel på hest, bingospel og Multix.

 

Innringarane blir også spurde om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet. I samtaler der spelegjeld har vore tema, sa 41 prosent at dei hadde ei gjeld på 100 000 eller meir i 2020. 18 prosent oppgav at dei hadde spelegjeld på ein halv million eller meir. 34 prosent sa at dei ikkje hadde spelegjeld.

Når det gjeld helsemessige konsekvensar opplyste 85 prosent, der helse var tema, at dei opplevde psykiske plager som følgje av spelinga.

Samtalestatistikk Hjelpelinjen 2020.