Søknadsskjema momskompensasjon
Søknadsfristen var 1. september 2021.
Elektronisk søknadsskjema
Alle søkarar skal bruke elektronisk søknadsskjema:
- Nokre søkarar vil få varsel når organisasjonsnummeret blir lagt inn. Det gjeld for eksempel om organisasjonen ikkje er registrert i Frivilligregisteret, om organisasjonen er eit aksjeselskap eller om organisasjonen søkte som underledd førre gang.
- Sentralledd skal legge inn informasjon om eventuelt prosentvis administrasjonstilskot i søknaden.
- Sentralledd vil få tilbakemelding om feil eller manglar i reknearket over underledd når det blir lasta opp. Det skal for eksempel dukke opp varsel ved manglande registrering i Frivilligregisteret, ugyldige organisasjonsnummer, om eit organisasjonsnummer er lagt inn meir enn ein gong eller om organisasjonen allereie inngår i ein annan søknad.
Ta kontakt med Lotteri- og stiftelsestilsynet om du har spørsmål eller opplever problem med søknadsskjemaet. Vi ønskjer å hjelpe til.
Slik søker du
- Finn fram obligatoriske vedlegg og søknadstal.
- Klikk på lenka nedanfor for å opne skjemaet.
- Logg deg inn via ID-porten.
- Fyll ut skjemaet og last opp obligatoriske vedlegg.
- Send inn søknaden. Kvittering blir sendt til organisasjonens meldingsboks i Altinn og på e-post til oppgitt kontaktinformasjon.
- Logg ut eller start på ny søknad.
Søknaden blir lagra automatisk undervegs. Du kan difor logge ut av søknadsskjemaet, logge inn at og fortsette utfylling av skjema seinare. Hugs likevel å sende inn søknaden før søknadsfrist! Vi har ein streng praksis , og søknader sendt inn etter søknadsfristen blir avvist.
Søknadsfristen var 1. september.