lottoballNorsk Tippings spelaktivitet er regulert i pengespellova.

Kontroll

Lotteritilsynet skal føre kontroll med at Norsk Tipping (NT) gjennomfører alle sine spel i samsvar med gjeldande spelereglar. Kontrolloppgåvene er knytt til spelereglane og instruks frå Lotteritilsynet. Spelereglar for Norsk Tipping sine tradisjonelle spel omhandlar ein generell del og reglar for kvart enkelt spel. NT er pliktig til å følgje retningslinjer for marknadsføring av spel og reglar for distribusjon av spel gjennom elektroniske kanalar.

Når NT har forslag til nye spel eller endringar i spel og spelereglar skal Lotteritilsynet uttale seg om forslaga før søknad blir sendt til Kulturdepartementet. I uttalen vurderer vi om forslaget har risiko for problematisk speleåtferd, om det har følgjer for vår kontroll og om forslaget har andre følgjer på spelemarknaden generelt.