Finn ut om din organisasjon kan få momskompensasjon.

Kan du svare JA på følgjande spørsmål?


1: Er organisasjonen din registrert i Frivilligregisteret?

(les meir om Frivilligregisteret m.m.)

2: Er organisasjonen din i målgruppa? 

Er de

  • ei demokratisk ikkje-økonomisk foreining?
  • ein trus- og livssynsorganisasjon?
  • ein stiftelse?
  • eit aksjeselskap som fullt ut er eigd av ein eller fleire organisasjonar som alle kan få momskompensasjon?

3: Er frivillig innsats ein viktig del av verksemda de ønskjer å søkje om?

(les meir om frivillig innsats.)

Sjølv om svaret på alle spørsmåla over er JA, er det likevel fleire organisasjonar og verksemder som ikkje kan få momskompensasjon. Nedanfor er ein oversikt over dei som spesifikt er nemnde i forskrifta § 3:

Organisasjonar som ikkje kan få momskompensasjon:

  • yrkes-, nærings- og arbeidslivsorganisasjonar, fagforeiningar, studieforbund, burettslag og partipolitiske organisasjonar
  • organisasjonar som er under konkursbehandling
  • organisasjonar som er lukka, det vil seie organisasjonar som ikkje er opne for ålmenta sjølv om dette hadde vore naturleg
  • verksemd som er organisert av eller med tilknyting til det offentlege ved at stat, fylkeskommune eller kommune gjennom å eller på anna måte kan påverke eller leggje for verksemda
  • den norske kyrkja, dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda

Ein organisasjon som kjem inn under ordninga kan ha verksemd som gjev rett til kompensasjon og verksemd som ikkje gjev rett til kompensasjon. Det er søkjaren som er ansvarleg for å gjere ei avgrensing av kva for kostnader som  skal vere med i søknaden.

Verksemd som ikkje gjev rett til kompensasjon:

  • verksemd som kjem ein lukka krets til gode, gjev privatøkonomiske fordelar, eller dekkjer det som normalt er rekna for å vere kostnader av privat karakter
  • verksemd som kjem næringsinteresser eller offentlege oppgåver til gode
  • (aktivitet) og der kompensasjon til denne verksemda er i strid med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte

Dersom svaret på spørsmåla over er JA, og organisasjonen ikkje fell utanfor ordninga etter forskrifta § 3, er neste steg å undersøke om dei andre vilkåra i forskrifta er innfridde både ved
søknadsfristen 1. september og på utbetalingstidspunktet.

Har organisasjonen din søknadsrett?

I 2020 fekk 22 397 organisasjonar momskompensasjon. For at ordninga skal vere mogleg å administrere er den bygd opp på ein slik måte at det berre er sentralledd og enkeltståande organisasjonar som kan sende søknad direkte til Lotteritilsynet.

Difor må regionalledd, lokalledd og aksjeselskap vere del av søknaden til eit sentralledd eller ein enkeltståande organisasjon.

Er de eit lokallag, regionallag eller aksjeselskap?

Er organisasjonen din eit eller eit aksjeselskap? Dersom organisasjonen er knytt til eit , enten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinnes Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet.

Sentralledda har ein eigen intern søknadsfrist for underledda som er tidlegare enn søknadsfristen til Lotteritilsynet. Dette er for at dei skal kunne kontrollere søknadsgrunnlaga til alle som dei søker på vegner av, samt å utarbeide ein felles søknad.

Sjekk nettsida eller ta kontakt med sentralleddet for å finne ut når den interne fristen er og korleis dei organiserer den interne søknadsprosessen.

Lokallag/regionallag/aksjeselskap som søkjer direkte til Lotteritilsynet vil bli avvist, og får dermed ikkje momskompensasjon. Difor er det spesielt viktig å sjekke om din organisasjon eller foreining er knytt til eit sentralledd.

Dersom ditt sentralledd ikkje har søkt kompensasjon tidlegare, må de likevel ta kontakt med sentralleddet og passe på at søknaden blir sendt til oss via dei.

Minstegrense

For å kunne søke må organisasjonen din ha driftskostnader som kjem inn under ordninga eller meirverdiavgiftskostnader som er større enn minstegrensene:

  • Etter forenkla modell må organisasjonen ha totale driftskostnader etter avgrensingar og frådrag på minst 100 000 kroner.
  • Etter dokumentert modell må organisasjonen ha faktiske meirverdiavgiftskostnader med rett til kompensasjon på minst 7 000 kroner.

Minstegrensene gjeld ikkje dersom de er eit underledd eller aksjeselskap. Då er det totalsummen for heile sentralorganisasjonen sin søknad som gjeld.

Les meir om søknadsmodellane her.