Ikkje alle vedlegg er obligatoriske for alle søkarar. Sjå over lista nedanfor for å sjå kva vedlegg som er aktuelle for din organisasjon. Det elektroniske søknadsskjemaet vil også informere om kva vedlegg som er aktuelle for din organisasjon.

Hugs at søknad med vedlegg i utgangspunktet blir offentleg tilgjengeleg når du sender inn søknad.

Vedlegg A – Godkjent og signert årsrekneskap.

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg B – Årsmelding.

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg C – Revisjonsmelding.

Obligatorisk for alle søkarar.

Vedlegg D – Avtalte kontrollhandlingar (revisorrapport).

Revisorrapporten er obligatorisk for:

  • Søkarar, underledd og aksjeselskap som har minst 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad.
  • Sentralledd og enkeltståande søkarar som søker på vegner av aksjeselskap, og som i den samla søknaden har mist 5 mill. kroner i totale driftskostnader to år på rad.

Les meir om revisjon, og finn malar for revisorrapportar.

Vedlegg E og G – Transaksjonsliste for søkarar og underledd.

Alle enkeltståande søkarar og sentralledd må legge ved transaksjonsliste som dokumenterer søknadsbeløpet sitt (vedlegg E). I tillegg må sentralledd legge ved transaksjonsliste for dei 15 høgste søknadsbeløpa for underledd og aksjeselskap med 5 millionar kroner eller mindre i totale driftskostnadar (vedlegg G).

For kvar transaksjon må du spesifisere:

  • Hovudbokskonto
  • Kontonamn
  • Bilagsnummer
  • Inngåande meirverdiavgiftssats
  • Bruttobeløp (beløp inklusiv meirverdiavgift)
  • Meirverdiavgiftsbeløp

Dersom rekneskapen er ført i eit rekneskapssystem kan du kanskje ta ut ei liste som tilfredsstiller krava? Eventuelt kan de bruke vår mal som er i samsvar med forskrifta:

Malen kan også brukast av underledd som skal sende inn transaksjonsliste til sentralleddet sitt.

Gå til søknadsskjema momskompensasjon.

Vedlegg F – Eigenerklæring om frivillig verksemd, aksjeselskap.

Dette gjeld berre for søkarar som søker på vegner av aksjeselskap. Aksjeselskapet må kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda.

For at forvaltaren av ordninga skal vere i stand til å vurdere om aksjeselskapets verksemd er basert på tilstrekkeleg grad av frivillig innsats, må aksjeselskap legge eigenerkæring om frivillig verksemd ved søknaden.

Rekneark

Alle organisasjonar som søker på vegner av andre organisasjonar (sentralledd) må i tillegg fylle inn eit rekneark som blir lasta opp i det elektroniske søknadsskjemaet. Reknearket kan du laste ned når du fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet, eller du kan laste det ned her: